Bok
I industriens etterklang
Nicolas Mathieu teiknar eit godt portrett av ein fransk småby der fint lite skjer etter at fabrikken er nedlagd.
Nicolas Mathieu fekk den franske litteraturprisen Goncourt 2018 for romanen som no er komen i norsk utgåve.
Foto: Bertrand Jamot
Fleire har brukt vendinga «Frå industrikultur til kulturindustri», for eksempel om Odda, då byen gjekk frå å vere ein industristad til å huse eit årleg litteratursymposium. Strukturen i vendinga blir i retorikken kalla ein kiasme: Ein spegelvender setningsledd og legg gjennom det ei ekstra tyngd, eller eleganse, i utsegna. Det er jo så flott med alt som går opp.
Men i Nicolas Mathieus roman Og slik er det også med deres barn går det ikkje opp. Etter at fabrikken er lagd ned i den vesle byen i Aust-Frankrike, kjem det ikkje aktivitetar eller satsingar i staden, og ungdommane som veks opp i 1980- og 90-åra, subbar, kvervlar og skjenar rundt i eit slags søvnig-aggressivt ingenting. Det er som å seie: «Frå industrikultur til – ?» Lufta går ut av retoriske eller matematiske konstruksjonar som misser eit ledd, som misser balansen sin. Desse ungdommane lever nettopp i ein slik ubalanse, økonomisk, sosialt og identitetsmessig.
Baywatch og Converse
Mathieu er ikkje nokon undertekstens forfattar, her kjem det meste i klårtekst: «Etter at jernindustrien hadde takket for seg, var ikke arbeiderne stort mer verdt enn konfetti. Massene og fellesskapet kunne seile sin egen sjø. Dette var individets, de midlertidige ansettelsenes, isolasjonens tidsalder.» Ein viss optimisme er å spore når dei prøver å setje i gang med minigolf og sykkelstiar for turistar, men det blir komisk når ein tenker på kor lite akkurat det har å seie for ungdommane.
Anthony er ein slags hovudperson, men vi følgjer også andre frå krinsen hans frå 1992, då Anthony er 14 år, til 1998 – dei formande åra, då ein skal finne ut av seg sjølv og andre, av verda, av framtida. Somme skal ikkje komme ut av småkåra dei sjølve kjem frå, andre får ei openberring og slår overraskande inn på den akademiske vegen. Enno lever dei i ein stillstand der dei må skape rørsle sjølv. Av og til finn dei på konstruktive aktivitetar, andre gonger endar det opp med steling eller kvesting. Dei ressurssvake foreldra masar og kjeftar og er dårlege førebilde, og det er både «storskaller» og «araberjævler» å sjå opp for.
På mange vis kan ein kalle oppvekstromanen ein Beatles på fransk, men med djupare politisk alvor og betydeleg større innslag av vald. Her er òg tidsmarkørar, som dei tekniske innrettingane Walkman og VHS, TV-serien Baywatch, bandet Depeche Mode, Converse-sko og den obligatoriske yuccapalmen. Markørane kan somme tider verke påklistra, men glid som regel naturleg inn i handlinga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.