Bok
I fugleperspektiv
Sunniva Vagstad har skrive ein fallskjermroman med oppdrift.
Sunniva Vagstad er ingeniør i undervassteknologi og har over 500 fallskjermhopp.
Foto: Jan Tore Eriksen
Elise er 19 år, studerer filosofi i Bergen og bur saman med far sin, Johannes. Han er forfattar, har gitt ut fleire romanar, den kritikarroste debutromanen handla ifølge han sjølv om «kompleksiteten i menneskets iboende destruktivitet». Elise er ikkje sikker på om studievalet filosofi er hennar eige eller farens, og ho vurderer å skifte til matematikk. Faren og Elise har ein god kvardagstone, med ein lett akademisk-nedlatande innarbeidd humor.
Dette er romanscenarioet då dødsbodskapen plutseleg kjem på døra: Bianca, dottera til den tidlegare sambuaren til faren, har døydd i eit basehopp på Voss. Charlotte, den tidlegare sambuaren, kjem inn i livet deira igjen. Heretter blir ting røska opp for romanpersonane og nøsta opp for lesaren.
Ein kime til krim
Det har tydelegvis vore gnissingar mellom både Johannes og Charlotte, og mellom «søstrene» Elise og Bianca, enkelte av ein viss storleik. Det samla bildet av dei involverte blir meir mangfaldig ettersom opprullinga går føre seg. Elise reiser til Voss, eigentleg berre for å hente tinga til Bianca, men blir verande og blir trekt inn i det same fallskjermmiljøet som Bianca var ein del av, og då skjer den same romantekniske rørsla der: Vagstad skildrar først ein slags liketil idyll som deretter slår sprekkar.
Plotet utviklar seg etter kvart – ganske seint, sjangermessig – til ein slags krim, og det som har vore rett spennande å følge fram til no, blir spennande på eit nytt nivå. Det kjennest ikkje pressa på noko vis, men som ein måte å bygge ut personportretta – og sjølvsagt handlinga – ytterlegare på.
Derimot kjennest det som om Vagstad som forfattar har noko til felles med Linda Skomakerstuen, som eg òg ser har fått ein takk i boka. Begge skapar interessante person- og miljøportrett med eit visst skråblikk, der lokale mysterium får spele ei rolle. Skomakerstuen er berre hakket meir klovnete, må seiast.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.