Bok
I draumeland
Ei framand verd kan av og til kjennast uhyggeleg nær.
Stig Beite Løken bur i Stavanger og debuterte med ei novellesamling i 2012.
Foto: Anita Hamremoen / Cappellen Damm
Stig Beite Løkens førre roman, Drømmelinsene, gjekk mykje føre seg i DreamVerse, ei draumeverd ein kunne leve i virtuelt om ein budde i Stavanger på 2040-talet, eller kor som helst i verda, altså i ei nær framtid.
I årets roman, Det finnes ingen andre verdener, er vi tilbake i det same universet. No følger vi Mathilde, som er i ferd med å døy av lungekreft, og som legg ut på ei siste virtuell reise for å finne igjen barna sine for å ta farvel.
Merkbart merkeleg
På reisa har ho selskap av ein snakkande hund som ho har kidnappa frå draumen til ein annan, ein kunstig intelligensriddar som har rømt frå sin eigen draum, og som har visse likskapar med don Quijote, og ein elg som berre er eit skjelett.
Dette høyrest kanskje merkeleg ut, og det er det. Men etter at ein har tatt seg gjennom dei første par sidene, der ein må lese fleire gongar at eit tog går under vatn, før ein forstår, og godtar, at toget går under vatn, er denne verda like lett å følge som vår verkelege. Ein må berre inn i henne.
Og etter som ein kjem lenger inn i denne verda, skjønar ein at ho ikkje er så ulik vår eiga. Ein kan døy her òg, og mens ein ventar på å døy, kan ein både leite etter viktige folk fordi det er noko ein skulle sagt, og ein kan prøve å stase seg opp for ikkje å sjå så gammal ut (reboote seg sjølv, noko som i vår verd ville bli kalla botox): «Det var uvant a° forholde seg til mennesker som ikke var vakre.» Ein blir omgitt av reklame alle vegar, og dygdene og lastene hos andre menneske er like dygdige og lastelege her som elles.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.