Kunst
I dialog med ein meister
Med åra har Hannah Ryggen Triennale utvikla seg til ei stor og vidkjend kunsthending med utstillingar, foredrag og aksjonskunst. I år femner utstillinga breitt – kanskje for breitt.
I midten heng bildeveven «Mors hjerte» (1947) av Hannah Ryggen. Til venstre heng «Mor» (1982) av Elisabeth Haarr. Til høgre heng «Høyre og venstre hjertekammer» av Ann Cathrin November Høibo og «Stjernenatt / Koptisk hode» av Tove Pedersen. Mor-og-barn-skulpturen i pappmasjé er laga av Kjell Erik Killi Olsen.
Foto: Lili Zaneta
I Hannah Ryggen Triennale vert det laga møte mellom bildevevane til Hannah Ryggen (1894–1970) og kunst frå vår tid.
I år har programmet vore større enn nokon gong, med fleire kortvarige visningar ulike stader i Trondheim. Denne meldinga gjeld dei to hovudutstillingane, som er å sjå ved Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum og Trondheim kunstmuseum.
Kunstindustrimuseet
Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum ligg vakkert til øvst i Munkegata, men bygget slit med helsa og har vore stengt sidan 2021. No er hovudsalen opna for triennalen – eit kjærkome gjensyn. Dei høge vindauga ut mot Erling Skakkes gate slepper inn både lys og folkeliv. Ein skulle tru dette vart eit forstyrrande element. Men dei utvalde verka står støtt og sterkt, med storleik og kraft nok til å halde på merksemda vår.
Hjartet
I år er Mater samletittelen for triennalen. Det latinske omgrepet tyder «mor». Mora, i bokstaveleg forstand så vel som i overført tyding, dannar bakteppe for alle utstillingane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.