Bok

I det ytre rom

Det kan bli mykje overflate, men av og til viser Linnéa Myhre gode litterære takter.

Linnéa Myhre har så langt skrive fire romanar.
Linnéa Myhre har så langt skrive fire romanar.
Publisert

Musikaren som har eit så vanskeleg namn at han berre vert kalla Zen, reiser til Los Angeles for å arbeide med musikken sin og musikarkollegaer. Kjærasten er berre med. Ho er mykje heime åleine, eller ho køyrer til stader med leigebilen deira. Ho prøver å kome tettare på artisten Britney Spears, som ho har vore fan av sidan ho var åtte år. Britney og heile livet hennar, med opp- og nedturar, giftarmål og kjærastehavari, popularitet og paparazziforfølging, utgjer for hovudpersonen ein slags religion. Ho «trur» på Britney, og ho brukar mykje tid på å tenkje på korleis det går med henne nett no, finne ut kvar ho er og korleis ho kan få eit glimt av henne. Ho kan ikkje gå glipp av ei einaste oppdatering Britney har på Instagram. Det er eit attkjenneleg heltedyrkingsscenario.

Den flate overflata

Som stoff for ein roman verkar temaet litt tynt og overflatisk. Også fordi noko som i den store samanhengen, lat oss vere ærlege, ikkje er så viktig, blir gjort viktig: «Og jeg tenker på Britneys musikkvideoer, på hvordan de har forandret verden, forandret meg.» Eg vågar påstanden at Britney Spears’ musikkvideoar ikkje har forandra verda. Det er også grenser for kor artig det er å høyre om andre sine heltar i det uendelege. Hadde det endå vore eins eigne, for dei er så klart viktige.

Overflatisk er òg miljøet dei er ein del av under opphaldet i Los Angeles. Her tel utsjånad og klesstil, kropp og kroppsforbetring – alt som høyrer det ytre til – meir enn andre kvalitetar. Men når forfattaren sjølv skildrar personane på inngåande vis etter kva dei har på seg, korleis dei ter seg og i kva grad dei på bakgrunn av dette kan omfamnast av miljøet, blir eg usikker på om det er ironi eller ein forteljeteknikk smitta av det same miljøet. Tittelen Meg, meg, meg kan tyde på eit ironisk anslag, men dette kjennest for lite avklart under lesinga av boka.

Sjølv har hovudpersonen eit vanskeleg og aldri sovande forhold til mat og til eigen kropp. Det opptar mykje av tida hennar. Det er sjølvsagt ei utfordrande problemstilling, men det blir nok eit forhold som, iallfall på eitt nivå, dreiar seg om omsynet til det ytre. Sett i samanheng med Myhres lettbeinte og kvikke skrivestil, som i seg sjølv er underhaldande, blir nemleg ikkje denne problematikken utstyrt med nemneverdig djupn.

Balansert ubalanse

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement