Bok

I det vonde mellomrommet

Det siste bindet i trilogien til Ann-Helén Laestadius om urett mot samefolket avsluttar sterkt om undertrykte kjensler.

Ann-Helén Laestadius har fullført trilogien om urett mot samar i moderne tid.
Publisert Sist oppdatert

Roman

Ann-Helén Laestadius:

Skam

Omsett av Magne Tørring

Aschehoug

Som perler på ei snor, eller kanskje heller som kvasse stålpiggar på ein ditto tråd, har Ann-Helén Laestadius på nokre få år levert tre sterke vitnesbyrd om urett mot folket hennar i moderne tid. Det er svære verk med mange personar og handlingstrådar, og dei ber preg av å ha vore skrivne under stort trykk.

Stjålet, på norsk i 2022, gav skakande innblikk i intense og brutale motsetnader mellom ulike etniske grupper i den svenske delen av Sápmi frå heilt nær fortid. Straff frå 2024 handlar om den smerta som vart påført samiske barn på statlege internatskular, godt kjent også frå norske tilhøve.

Og no altså ei bok om den doble skamma som så mange med dette opphavet har kjent og framleis kjenner på: skamma over å vere same – og skamma over å skamme seg over å vere same.

Sameproblemet

Marina veks opp på 1970- og 80-talet i Kiruna. Familien er samisk på båe sider, men lever i stor grad i fornekting, til liks med mange andre gruvearbeidarfamiliar her. Dei samiske røtene blir kutta generasjon for generasjon.

Som lita jente er Marina mykje med mormor og andre eldre slektningar som bur utanfor byen, og som har meir kontakt med dei samiske tradisjonane. Her lærer ho språket heilt organisk, men når ho veks til, gløymer ho det att – og ho gløymer ikkje minst at ho har kunna det.

Mor hennar gjer heller ingenting for at ho skal halde det ved like, tvert imot skjuler ho det samiske opphavet til familien så godt ho kan. Forklaringa kjem etter kvart: Som lita blei ho send til nomadeskule og utsett for den valden frå personalet som Laestadius skildra inngåande i førre bok.

Romanen har to tidsplan. Vi møter Marina som skulejente utetter 1980-talet og i 1999, når ho er attende i Kiruna etter nokre år i Stockholm. Det kjem fram at ho nærmast rømde frå Kiruna etter ei dramatisk hending som sakte blir avslørt.

Forfattaren har nok søkt å byggje eit spennande plot som gradvis skulle bli rulla opp, men dette lukkast berre delvis. Spenninga fekk ho betre til særleg i den første boka, Stjålet, som også har blitt Netflix-serie. I Skam hakkar og surrar den narrative motoren for mykje på låggir. Med det meiner eg slett ikkje at boka er dårleg.

Læstadianismen

Den dystre romanen og trilogien som heilskap peikar mot ei lysare framtid.

Ved sida av språktapet er det viktigaste temaet her religion. Laestadius (ironisk nok heiter forfattaren nett det) syner korleis den strenge læstadianismen har kvelt samisk kultur. Å joike er den verste synda.

Marinas onkel på farssida er predikant, ein fanatisk type som dominerer heile storfamilien og slår hardt ned på alt som kan tenkjast å vere syndig – altså det meste i hans auge. Marina er mykje saman med dottera hans og blir, som den kjenslevare jenta ho er, svært prega.

Til slutt ber ho på så mykje skam og skuld at ho får panikkangst. Foreldra hennar manglar den styrken som skal til for å stå imot svovelpreikene til onkelen. Mora ber på for mykje vond historie for eigen del, faren er herja av harde arbeidsvilkår.

Attende i heimbyen som vaksen går Marina etter kvart gjennom ei oppvakning. Gjennom ny kontakt med den samiske slekta som ho snakka språket med som lita, skjønar ho meir av bakgrunnen sin og særleg moras historie. Sjølv vil ho no ta att noko av det tapte, kome vekk frå den innestengde skamma ho har bore på mykje av livet, tre ut av den limbokjensla ho har budd i mentalt.

Det er ei anna tid no, unge samar ber stolt kufte og snakkar språket. Slik peikar den dystre romanen og trilogien som heilskap mot ei lysare framtid. Det som kling att hos lesaren, er likevel dei trauma som det samiske folket i så lang tid har levd med som følgje av langvarig nasjonal einsretting.