I det menneskelege

Anne Helene Guddals enkelheit er svært overtydande.

Anne Helen Guddal debuterte med ei diktsamling i 2014 og har så langt skrive fem bøker.
Anne Helen Guddal debuterte med ei diktsamling i 2014 og har så langt skrive fem bøker.
Publisert

Iblant maktar forfattarar å snu seg frå stilen dei har skrive i og presentere noko nytt og annleis. I diktboka Min imaginære venn av Anne Helene Guddal skjer det. Eller kanskje er det berre det at Guddal har skrive ei ekstra stramt tematisk diktbok.

I den første bolken møter lesarane enkle, ledige dikt frå Guddals hand, ein heil diktsuite der den usynlege fantasivenen, ein figur kjend frå barnelitteraturen, har ei motivisk hovudrolle. Men samstundes som stiltonen representerer noko nytt i desse dikta, er dei underliggjande temaa meir stabilt guddalske, noko ein finn spor av i dei andre bøkene, slik som einsemd, tap og død.

Ein annan tone

Som sagt er det liksom ein annan tone i Min imaginære venn, iblant syner dikta også ein humoristisk sjarm, når fantasivenen så å seie vert til eit sjølvstendig vesen, med eige liv og ein eigen vilje som trassar opphavsmannen: «Jeg kan ikke tvinge min nye imaginære venn/ til å bli hos meg/ selv om jeg har skapt ham.»

Dette er ei diktbok med to andlet, minst. Eit av dei meir uhyggelege og upersonlege kjem fram når fantasivenen forsvinn: «og når jeg åpner øynene/ for å se om han likevel er i rommet/ stirrer bare mørket tilbake/ ikke hans mørke/ ikke mitt». Der ein i første bolken av dikt kan trekkje på smilebandet over den eigenrådige usynlege venen, er det som om fantasien, draumen og førestillingane i den andre bolken, der den usynlege venen er borte, blir for reelle, og difor nærmast marerittliknande. Eller kan hende er det grensa mellom røynd og draum som er for rigid. Ja, det er forresten ikkje lett å seie, dikta i bolk nummer to er meir slik me kjenner Guddal, med liner som dette: «Hun som lærte meg at fuglene/ ikke er til å stole på/ har kanskje selv blitt til en fugl».

Perspektiv

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement