Bok
I den prakta blomane faldar seg ut
Gjendiktinga syner definitivt fram kvalitetane i nobelprisvinnarens lyrikk.
Louise Glück debuterte som lyrikar i 1968 og fekk Nobelprisen i litteratur i 2020.
Foto: Katherine Wolkoff
Den amerikanske poeten Louise Glück fekk Nobelprisen i litteratur i 2020. Ingvild Burkey har no gjendikta Vill iris, som kom på engelsk i 1992. Gjendiktinga syner definitivt fram kvalitetane ved Glücks dikting.
Ramma for dikta er nokså tydeleg: Det handlar om ein hage og om syklusane til blomane og plantane – og om døgeret, morgonen, dagen, natta. Ulike syklusar overlappar og går i kvarandre. Plassert i desse vekslingane, i gjentakingane og rytmane, er det som om dikta heile tida strekkjer seg ut mot det som trugar og skiplar også desse ordningane.
Dikta er spente opp mellom det kvardagsnære og det overskridande, det guddommelege, frelsande og katastrofale samstundes som dei held seg i det vesle og konkrete og set søkjelyset på små detaljar som tek til å vekse og pulsere i dikta. Eit viktig trekk ved samlinga er at det guddommelege og paradisiske også er bunde til den jordiske hagen, i den prakta blomane faldar ut.
Kor av røyster
I dikta kan ein møte gartnaren, som kanskje er Glück sjølv, som puslar i hagen, luker og tynner ut vekstane, som betraktar og lèt tankane svive. Glück lèt blomane og plantane sjølv tale, men slepper også gjennom ei guddommeleg røyst. Slik oppstår samla sett eit kor av røyster, av monologar og dialogar. Dette er dikt som talar ut ifrå ei rad ulike ståstadar og perspektiv der besjelinga og personifikasjonen står heilt sentralt.
Ein høyrer kløveren klandre mennesket fordi han undrar seg over jakta på firkløveren, dette lukketeiknet: «hva er logikken/ i å hegne om/ ett enkelt skudd/ av noe du ønsker dødt». At det er kløveren som strevar med å forstå dette, er også urimeleg: «Du burde stille deg/ disse spørsmålene selv,/ ikke overlate dem/ til dine ofre.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.