Teater
Hyggestund om nytt fylke
Vestland, Vestland byr på god, folkeleg humor med varme og brodd.
Claus Sellevold og Sigrid Moldestad representerer kvart sitt fylke som skal slåast saman.
Foto: Espen Nyttingnes
Då dei to samarbeidande teatera i Bergen og Førde skulle markere at vi har fått eit Vestland fylke, gjekk oppdraget til allsidige Finn Tokvam. Det var eit godt val, for med underfundig humor og gode observasjonar har han skapt eit lett og morosamt scenemøte mellom to som eigentleg ikkje er så lystne på å bli eitt.
Tvangsekteskap
Claus Sellevoll frå Alversund i Nordhordland og Sigrid Moldestad frå Breim i Nordfjord lèt oss skjøne at det meir er tale om tvangsekteskap enn ekte kjærleik. Og det gir dei rikeleg høve til å rakke ned på kvarandre, men aldri verre enn at vi anar (litt) varme kjensler attom. Dessutan finn dei fort trøyst i at dei slepp å vere austlendingar eller osloborgarar.
Dei to presenterer spreidde glimt frå den felles historia, som visst ikkje er så felles likevel. Til hjelp har dei ei modernisert utgåve av den gamle flanellografen, som vi tilårskomne hugsar frå bibelhistoria i barneskulen. Der kjem det opp både kart og karikaturar, slik også Sellevold serverer lett attkjennande imitasjonar eller parodiar. Fin hjelp har dei også i greie songtekstar med god, nyskriven musikk til, og det musikalske har jo dei to aktørane alltid hatt på stell. Innimellom humoren kjem også litt livsvisdom.
Statistikk
Vi blir fôra med passe dosar statistikk og fakta, gjerne tolka og forklart på sært vis. Munter leik med språket og klisjeane får vi òg. Medan kampen om det nye namnet på fylkesmannen no er avgjort, kan Tokvam fortelje oss at det embetet er berre «arbeid for trygd».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.