Film
Hurra, det var eit godt filmår!
Brit Aksnes oppsummerer filmåret 2025.
Jonno Davies som Robbie Williams, Damon Herriman som Nigel Martin Smith og Jake Simmance som Gary Barlow.
Foto: Nordisk Film Distribusjon
Av godt over 200 ordinære kinopremierar har eg sett 92, i skrivande stund. I den grad ein veit sånn nokolunde kva som fell i smak, ville ein musikal med ein dataanimert sjimpanse i rolla som ein artist eg aldri har vore fan av, normalt aldri scora høgt hos meg. Likevel såg eg Better Man (regi: Michael Gracy), om og med Robbie Williams, tre gongar!
Likevel kan eg ikkje nødvendigvis tilrå han til kven som helst. Det kan eg derimot med ein annan musikkfilm: Sjølv om hiphop aldri blir min sjanger og eg mislikar herleggjering av dop, fekk eg gåsehud av filmen om den nordirske gruppa Kneecap (regi: Rich Peppiatt).
Irsk er eit minoritetsspråk, betre vervekampanje enn denne rølpete gladsaka kunne dei knapt drøymt om. Det blir irsk film nummer to, sjølv om det blir snakka engelsk i Christy (regi: Brendan Canty). Filmen har alle elementa frå sosialrealismen, men med ørlite meir håp enn sine britiske sidestykke.
Dyrtid
Når me er inne på sjangrar eg kan styra entusiasmen min for, så kjem heile to animasjonsfilmar opp på topp ti-lista mi i år. Pluss ein norsk boblar! Den eine, Flow (regi: Gints Zilbalodis), er eit underleg meisterstykke sidan animasjonen på mange måtar er krass og pikselert, men den spennande, ordlause filmen om dyra åleine i ei overfløymd verd har ein nesten hypnotisk verknad på meg.
Det same kan seiast om Memoir of a Snail (regi: Adam Elliot), den australske stop-motion-perla om barndom, alderdom, venskap og sniglar. Ein annan strålande film med dyr sentralt i handlinga, også visuelt, er kinesiske Black Dog (regi: Guan Hu), som eg måtte sjå om igjen for å verkeleg få dvela ved alle dei grandiose scenene, filmatisk så vel som musikalsk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.