Horribel hurlumhei
Lovecraft Country er strålande familieunderhaldning, særleg om alle likar blodsprut, overnaturlege krefter og borgarrettshistorie.
TV-serien byr på tentakelmonster, inspirert av H.P. Lovecraft.
Foto: HBO
Det er knapt råd å oppsummera serien utan å seia kva som skjer i fyrste episode, for berre å gje ein peikepinn: Det er 50-talet i Chicago, unge Atticus (Majors) er på leit etter far sin (Williams). Atticus, onkel George og den gamle veninna hans, Leti (Smollett), får fleire utfordringar enn rabiate rasistar på si ferd inn i KKK-land, til dømes digre, blodtørste øgler med like mange auge på ryggen som skarpe tenner i dei enorme kjeftane.
100 km/t
Kvifor namnet Lovecraft Country? Eit hovudhint er H.P. Lovecraft, science fiction-forfattaren som for rundt hundre år sidan revolusjonerte skrekksjangeren med sine tentakelmonster frå det ytre rommet. At han også var kjent som uttalt rasist og antisemitt, kan også forklara valet av tittel.
Serien er basert på boka til Matt Ruff og filmatisert av Misha Green og Jordan Peele. Sistnemnde er ein bra referanse for dei som hugsar filmane hans Get Out (2017) og Us (2019). Klaskande blod, kroppsdelar som fyk, og soleklare spark til systematisk rasisme og kvite privilegium – jau visst fungerte og fungerer det. Samansuriet av melodrama, historietime og smuss-skrekk i Lovecraft Country går i stort tempo, og er på same tid underhaldande og forvirrande.
Kaninhol
Bokhyller som opnar seg om ein tek i rett bok, kryptiske teikn som stavar kodar, bruer som må forserast over botnlause djup, kyr som føder aliens – serien er som ein slags Indiana Jones om Steven Spielberg var på syre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.