Film

Hogg og belegg

Sjarmerande, fengjande, interessant – så kvifor så lite innhald?

Onkel Bjarne og Anders i stova.
Onkel Bjarne og Anders i stova.
Publisert

Midt i ein skog står ein lyslugga mann og hamrar laus på eit grantre. Anders (Baasmo Christiansen) har kome tilbake til heimbygda i Hallingdal etter å ha budd halve livet i byen. Onkelen (Syversen) gjev klart uttrykk for kva han synest om den planlause amatørhogsten. Kva dreiv Anders attende til bygda, og av alle ting: korfor har han trong til å rydda skog med øks?

Blod er tjukkast

Ein kan nærast lukta norsk sommar. Grøne, bratte bakkar inn mot brun skogsbotn, fluger som surrar. Filminga, stødig utført av Marte Vold, tek inn alle inntrykk ein assosierer med Bygde-Noreg, frå denne urnorske naturen til rånarane på bensinstasjonen. Enkelte kunne teke dette for langt, overdrive slik at det blei karikert, men regissør Jorunn Myklebust Syversen kjenner denne staden og sinnstilstanden; det merkast. Så har ho også brukt sin eigen familie i rollene som tante, onkel og syskenbarn. Å sleppa å sjå ein eller anna mykje brukt teaterskodespelar prøva å gje kraft til ei rolle som onkelen, er utruleg forfriskande. Eg kan nesten ikkje rosa rollebesetninga nok; framføringa av dialog er så naturtru at om ein samanliknar, verkar sjølv serien Skam oppstylta og teatralsk. Såleis kjem nesten Christiansen og Helstad, som ikkje på nokon måte leverer dårlege prestasjonar, i skuggen av slektningane.

Stemningsfullt

Også musikkbruken fungerer særs godt i Hoggeren – frå starten med metalljazz frå gruppa Shining, som eit frampeik om at Anders kanskje ikkje er så harmonisk som han gjerne vil vere, til dei stiliserte, klagande feletonane som vekslar frå det nasjonalromantiske til å understreka ubehaget. Av og til kan musikken minna om musikken i Fargo (1996), også ein film om stolte, men fastgrodde menneske på landsbygda.

Det er mykje stemning i Hoggeren, mykje fabelaktig dialog og mykje trefelling. Handling vil eg derimot seia det kanskje er litt i underkant av. Dei få dryppa me får om fortida til Anders, den fråverande familien og kvifor han knapt har vore heime sidan tenåra, vert hinta til i mystiske sekvensar frå eit skogholt i blitslys. Det er synd, for eg blir nysgjerrig på han. Det vesle som er av forteljing, fengjer.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement