Film
Høg på ambisjonar
Affeksjonsverdi er så rik på alt at eg mistar fokus.
Stellan Skarsgård og Renate Reinsve i hovudrollene i den nye filmen frå Joachim Trier og Eskil Vogt.
Foto: Norsk Film Distribusjon
Systrene Nora (Reinsve) og Agnes (Lilleaas) veks opp med psykologmor og ein berømt filmregissørfar, Gustav (Skarsgård). Når foreldra skil seg, forsvinn far omtrent ut av livet deira. Då mor døyr, dukkar han opp igjen, alkoholisert og med eit manus til ein film han har skrive spesielt for Nora.
For henne er det uaktuelt, ho har inga interesse av å imøtekoma faren. Då han på ein Cannes-aktig festival treffer filmstjerna Rachel Kemp (Fanning) på ei retrospektiv visning av den mest hylla filmen hans, ser han at det kanskje er ho som skal spela rolla i hans svanesong.
Joachim von Trier
Har eg hatt høge forventningar til siste Trier-filmen? Absolutt og med god grunn. Med debuten Reprise (2006), følgd opp av Oslo 31. august (2011) og Verdens verste menneske (2021), marknadsført som Oslo-trilogien, har Joachim Trier rett og slett gjort norsk film hipp og kul, både i inn- og utland.
Det blei ikkje mindre hipt og kult etter at Renate Reinsve fekk den fyrste Cannes-prisen til ein Trier-film ved å motta utmerkinga for beste kvinnelege hovudrolle i 2021. Verdens verste menneske var ein heidundrande suksess-kombo, stjernehimmelen kom stadig nærare, for både skodespelar og regissør og så BANG – Grand Prix-prisen i Cannes for Affeksjonsverdi i mai 2025! Folk vart skuffa over at det ikkje vart Gullpalmen, så høge var forventningane.
Børst og katedral
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.