JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Ho fargela språket til det svartna

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
SUKSESSEN. Dei små biletbøkene Kringla frå Kunstforlaget Munin handla mest om norsk bygdeliv. Fjerde og siste hefte opna med forteljinga «Bæive og Ravna». Framside av Sverre Knudsen.

Foto: Nasjonalbiblioteket

2775
20230120
2775
20230120

Med Kunstforlaget Munin stod Gudveig Høyem for den første suksessen med fargebilete og lesestoff for barn på nynorsk. Etter intense og vellykka år svartna det i hennar eige liv.

Gudveig Høyem (30) var elev av Catharinus Elling og underviste i musikk i Kristiania og Moss før ho skipa Kunstforlaget Munin i 1909. På åtte år gav forlaget ut åtte bøker og småskrifter, bladet For Bygd og By og skjemtebladet Tyrihans (seinare Peik). Og minst 60 postkort og 30 veggportrett.

Ho satsa først på bilete i ulike format. Postkortheftet Vinter i Norge var i sal hausten 1909, og på same tida kom veggportrett av Ivar Aasen, A.O. Vinje og Per Sivle. Nokre slike bilete hadde andre gitt ut før. Skilnaden var at Høyem satsa systematisk. Korta kosta 5–10 øre, portretta (24 x 30 cm) 1 krone og 50 øre.

Våren 1910 gav Munin ut eit dusin fotografibrevkort med «gode bilæte av kjende menn», som Elias Blix, Ole Bull, Anders Hovden og Hans Seland. «Det vil koma ut fleire etter kvart, so det kan verta ei gild samling tilslut», skreiv forlaget. I desember 1912 var det blitt 38 slike postkort, dei fleste av nynorskbrukarar.

Det kosta å trykkje bilete, og Høyem visste råd. Hausten 1911 hadde ho for sal ni rekkjer av teikna postkort, einsfarga eller fullfarga. Teikningane stod gjerne Otto Valstad og Sverrer Knudsen for. Korta var ikkje glansa, og mange var trykte i svart på kartong i ulike fargar.

PRESTEDOTTERA. Gudveig Høyem (1879–1946) frå Trondheim voks opp i Bremanger og underviste i musikk i Kristiania før ho skipa forlag.

Foto: Rolf W. Høyem, privat eige

Høyem meistra også kunsten å bruke stoff om att. Ikkje berre blei bileta på postkorta også trykte som veggportrett. I oktober 1911 gav Munin ut Kringla, «Norske, fargetrykte Bilætbøker aat Born». Dette var fire hefte i tverrformat, kvart på 16 sider.

Her brukte Høyem om att fleire postkort saman med andre teikningar av Knudsen og Valstad. Lesarane fekk rim og regler, dikt og korte forteljingar, og det meste handla om folkeliv og bygdeliv. På to månader gjekk det ut 50.000 eksemplar.

No svinga det. Frå januar 1912 gav Høyem ut bladet For Bygd og By med Kristofer Uppdal som første redaktør. Ut på sommaren fekk tingarane eit foto av Roald Amundsen. På mindre enn to månader hadde bladet nesten 4000 tingarar. Det var for lite, og Olaf Norli tok over etter to nummer i 1913.

Så rakna alt. Ein plan om nye opplag av Kringla gjekk fløyten. Trykkjeriet og bokbinderiet hennar gjekk konkurs. Det gjorde også forlaget, to gonger på ti månader. Ein feriekoloni for barn på Nesodden enda i fengselsdom for underslag og mental katastrofe. Gudveig Høyem fekk sin diagnose, blei kjend umyndig og levde truleg mest på Gaustad og Dikemark til fargane visna ein førjulsdag i 1946.

Ottar Grepstad

Serien byggjer på stoff i Bok­historier, som kom ut hausten 2022.

Neste veke: Bøkene i kjellarane

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis