Bok
Hjartelaus og ærleg
Jeg er loddrett er eit diktutval for nye generasjonar Plath-lesarar.
Sylvia Plath (1932–1963) vart fødd i Boston i Massachusetts og døydde i London.
Foto: Ukjend / Tiden
Den amerikanske poeten Sylvia Plath (1932–1963) som berre rakk å gi ut éin roman og diktsamlinga The Colossus (1969) før ho døydde for eiga hand, har både fascinert og fråstøytt mange lesarar. På 1960- og 70-talet vart det gjeve ut nokre posthume diktsamlingar, og dei samla dikta hennar, som kom i 1981 og var redigert av ektemannen og poeten Ted Hughes, romma mange dikt som ikkje hadde vore trykte før.
Ikkje heilt ut av det blå, men heller ikkje heilt treffande, har merkelappen vedkjenningspoesi hefta ved Plath. Dikta har vortne lesne som uttrykk for eit depressivt og plaga medvit, i lys av den personlege historia og tragiske døden hennar. Det har ført til eit overdrive biografisk fokus som har undertrykt andre litterære aspekt ved dikta til poeten. I det omfangsrike etterordet sirklar Janne Stigen Drangsholt inn fasane i forfattarskapen og tendensane i den allmenne mottakinga av Plath.
Fleire gjendiktingar
Det eksisterer fleire gjendiktingar av Plath til norsk. Olav H. Hauge gjendikta åtte av dikta hennar. Liv Lundberg kom i 1986 med eit fyldig utval som har tittel etter eit av Plaths kjende dikt, Lady Lazarus. Kampen mot den eintydige oppfatninga av Plaths lyrikk er ikkje ny: Lundberg ønskte å fremje andre sider ved Plaths lyrikk, slik som dei politiske og kjønnsaspektet, og synte fram ulike tendensar i den korte og intense lyriske forfattarskapen.
Hanne Bramness gjorde biletet enda meir komplett då ho gjendikta versedramaet Tre kvinner. Et dikt for tre stemmer (2005), som var skrive for radio i 1962.
Hege Woxens utval famnar om heile forfattarskapen, frå dei tidlege dikta frå 1959 til det siste i 1963. Ein vil finne mange av dei mest kjende Plath-dikta, men også nokre mindre kjende, noko som er eit pluss. Dei lengre, meir broderande dikta, som «Dikt til en fødselsdag», er rett nok ikkje med, slik at heile spekteret i diktinga hennar kanskje ikkje vert synt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.