Hiphop med hestekrefter
Megan Thee Stallion tar det piano med aggressivt anslag.
Megan Thee Stallion då ho spelte på Wireless-festivalen i London 8. juli i år.
Foto: David Cliff / Invision / AP / NTB
Hiphop
Megan Thee
Stallion:
Traumazine
300 Entertainment / 1501 Certified
Den texanske rapparen Megan Thee Stallion har dei siste åra markert seg som ein svært interessant ung hiphopartist. Magasinet Time sette henne like gjerne på si liste over dei hundre mest påverknadssrike menneska i 2020 – gjennom til dømes bidrag til Cardi Bs «WAP» frå 2020 og hennar eigen hardtslåande antipatriarkalske monstrum av ein låt (og musikkvideo), «Thoth Shit» – ein av fjorårsfavorittane til denne meldaren. Begge låtane (og videoane) skapte furore i konservative krinsar: Stallion er nemleg engasjert i saker som antirasisme, kjønnsfridom og kroppspositivitet.
Traumazine er Stallions tredje (eller – om ein høyrer på advokatane til plateselskapet 1501 Certified Entertainments definisjon av kva eit album er – andre) studioalbum. I 2021 blei Stallion den andre kvinnelege rapparen til å vinne Grammy for beste artist; den første var Lauryn Hill i 1999.
Og arven etter Hill er tydeleg på Traumazine, dominert av konsise, «perkussive» beats og aggressiv, men likevel oppløftande lyrikk. Her er dei mest hardtslåande låtane silkemjuke og dei rolegaste knallharde. Sjølv når Traumazine tar det piano, går det unna. Sjeldan har eg høyrt så enkel pianoklunking framstå så aggressiv som på «Gift & Curse».
Megan Thee Stallion leverer klare antijantelovmeldingar med tydeleg diksjon og kompakt anslag i stemma: høg attack, som ein seier på musikkproduksjonsspråket. Men det er berre undertrykkande verdiar som blir angripne her: Høyr berre på låta «Superstar» og la deg sjølv bli mint om at du er ei stjerne.
Megan Thee Stallion er elles utdanna i helseadministrasjon, og det er lett å høyre at Traumazine er bra for helsa.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, DJ, trommeslagar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?
Foto: The Right Frame Media / Shutterstock
E-tenesta ser deg
Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.
Frå markeringa av den internasjonale kvinnedagen i Oslo sentrum.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Bollestad sprer myter og faktafeil
Vi må skille mellom hva som skal løses av abortloven, og hva som skal løses andre steder.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.