Bok

Held seg på vegen

Hølleland har skrive ein spennande og uhyggeleg roman om korleis ein kan streve med å fote seg i livet.

Halvard Hølleland debuterte som romanforfattar i 2020.
Halvard Hølleland debuterte som romanforfattar i 2020.
Publisert

I det siste har eg lese opp til fleire norske romanar der hovudpersonen sit på hytta og tenker på livet sitt inni byen. Dette går eg ut frå er ein veldig norsk posisjon. Det er sjølvsagt òg ein heldig litterær posisjon, då hovudpersonen kan sjå det daglege livet sitt i eit anna lys – med den nødvendige distansen – det opnar også for ei oversiktleg veksling mellom fortid og notid. Og der, på hytta, er det meininga at ein skal få auge på vegen vidare.

Psykologklisjear

Den siste romanen til Halvard Hølleland heiter til og med Veien videre. Her sit Thor på hytta ved Nevlunghavn og tenker på livet sitt. Han har med seg den sju månader gamle dottera Alma; etter at mora Jasmine døydde i ei trafikkulukke, er det berre dei to. Men der det kan verke som om Hølleland skriv seg inn i ein romanklisjé, skriv han seg like mykje ut av han.

Omgrepet «vegen vidare» er det parterapeuten Andrea som snakkar om når Thor og Jasmine oppsøker denne tenesta. Seansane med Andrea er skildra som ein einaste stor psykologklisjé. Utan at det følgjer med ironi eller sarkasme, det blir opp til lesaren å tolke inn ei mogleg vitsing med yrkesgruppa.

Thor og Jasmine får i oppgåve å teikne, eller ta bilde av, vegen deira vidare, etter ein mindre god periode. Dei leverer Andrea eit bilde av ein grusveg som går inn i ein skog, der Thor i etterkant har behandla bildet, gjort vegen lysare og trea mørkare. Andrea meiner – ikkje oppsiktsvekkande – at trea symboliserer mørket dei har vore gjennom. Det er særleg når ho held på metaforbruken, at i alle fall denne kyniske lesaren begynner å flire: «Er dere redde for at det skal skumre igjen, at et mørke vil legge seg over veien deres?»

Ikkje lett å vere nokon

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement