Musikk

Heksemeisteren

Abbé Vogler var den fyrste komponisten som nytta norsk folkemusikk i kunstmusikken.

Komponisten Georg Joseph Vogler (1749–1814) var kjend som Abbé Vogler.
Publisert Sist oppdatert

I 1790-åra opplevde Christiania-publikummet vitjinga til ein virtuos av det uvanlege slaget: tyskaren Georg Joseph Vogler, som gav ei rekkje konsertar i dagens Oslo domkyrkje. 

2Orgelkonsertar var særs uvanlege i Noreg på den tida, men for oss er det konsertprogrammet som verkar uvanleg.

I sin «aandelige Concert» i kyrkja spelte Vogler både ein arabisk romanse og ein afrikansk allegro. Hovudinnslaget var ei musikalsk skildring av eit sjøslag «hvori flere sammenstødende Flaaders Alarm; Krigsmusique; Skibenes Bevægelse; Bølgernes Oprør; Kanonernes Torden; de Saaredes Skrig; og de Sejrendes Triumph-Sang» var å høyra.

Vogler var etnografisk interessert. Konsertar og studiar hadde teke han frå England til Ungarn og frå Russland til Marokko. For oss er han viktig av di han var den fyrste komponisten som nytta ein norsk folketone i kunstmusikken, i variasjonsverket over «Stusle Sundags-qvællen» (Stusle sundagskvelden) – ein song han elles trudde var grønlandsk.

Mykje ferie

Sidan han hadde late seg prestevigsla i Roma, var han kjend som Abbé Vogler. I tida då han turnerte norske byar, arbeidde han som kongeleg kapellmeister og operadirektør i Stockholm, på ein lukrativ kontrakt som gav han tredobbel løn og seks månadar ferie.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement