Teater
Heimelaga sirkusmagi
Noreg har fått sitt første nysirkuskompani, og det held mål.
Bogeskytinga til Anne Arellano er imponerande, skriv Jan H. Landro.
Foto: Thor Brødreskift / Festspillene i Bergen
I ti år har Fyllingsdalen Teater i Bergen drive sirkusskule, no har teatersjef Jørn Kvist teke steget opp og etablert sitt eige nysirkusensemble, altså sirkus utan tale og utan dyr. Ambisjonen er å skape eit nasjonalt kompetansesenter for nysirkus i Bergen.
Framsyninga Zappzarapp! – zappzarapp er eit russisk ord som tyder å stele eller fjerne noko – har ei enkel rammehistorie. Ein framand (Trond Andre Hvidsten Hansen) kjem til eit lite sirkusselskap og ber om å få sleppe inn. Han får kostejobb, men syner seg snart kapabel til meir enn å svinge kosten. Så forelskar han seg i dottera (Tinka Havnen) til direktøren (Mathias Ramfeldt), noko som ikkje fell i god jord hos opphavet.
Men det meste av den 70 minutt lange framsyninga handlar om akrobatikk, styrke, smidigheit, balanse, kontroll, godt koreografert rørsle og ei fin evne til å skape undring hos både born og vaksne. Her er alle dei «klassiske» øvingane med, estetikk og eleganse i kombinasjon, utført på profesjonelt vis av dei unge aktørane – ispedd innslag av komikk.
Og kvar og ein av dei fire har sine spesialitetar. Eit høgdepunkt er Anne Arellanos imponerande bogeskyting. I handståande oppå eit stativ som står på eit bord, nyttar ho føtene til å skyte med pil og boge mot ein ballong. Og treffer!
Tinka Havnen syner at ho kan både klatre i tau og skape reine tauballetten, trapesen beherskar ho òg. Sirkusdirektør Mathias Ramfeldt imponerer med å sjonglere fleire ballar enn eg er i stand til å telje, og etter å ha sjonglert med brennande faklar, er han ikkje verre på det enn at han lèt den litt klossete nykomlingen sette fyr på han.
Med sitt litt Chaplin-aktig uttrykk, sin fine mimikk og sine kunstar er Trond Hansen den som tilfører framsyninga både den menneskelege varmen og tristessen som også høyrer ei slik forteljing til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.