Film
Hehe meir enn haha
Freakier Friday er sutlaus popkornunderhaldning som godt kunne vore morosamare.
Jamie Lee Curtis og Lindsay Lohan er tilbake med intrikate kroppsbyte.
Foto: Filmweb
Mor Tess (Curtis) og dotter Anna (Lohan) møter nye utfordringar 20 år etter at dei sist gjennomgjekk eit kroppsbyte – no er det Anna som skal gifta seg, og tenåringsdottera Harper (Butters) ser ikkje fram til å bli stesyster med den ufyselege Lily (Hammons). Alle gode kroppsbyteting er fire!
Eviguaktuell
Nokre filmar har som oppgåve berre å få deg til å drøyma deg vekk for ei stund, ikkje med djupe bodskapar eller subtile grep – du skjønar frå starten at alt skal gå bra, du må fyrst gjennom ein del hinder på vegen. Kastar du inn litt magi på toppen, er det totalt frislepp, for då treng verkeleg ingenting forsvarast eller verka sannsynleg.
Og der har du kroppsbytefilmane. Den fyrste eg såg (og elska) var Big med Tom Hanks. At ein 12-åring plutseleg blir ein vaksen mann som får draget på damer «på sin alder», er i ettertid høgst tvilsamt. Freaky Friday kom i 2003 (eller opphavleg i 1976 med Jodie Foster i hovudrolla), men eg såg han for fyrste gong dagen før pressevisninga av den nye. Og ja då, vel 20 år seinare er akkurat det der framleis forstyrrande. Jaggu godt det ikkje er meininga at me skal analysera for mykje eller føla på realismen. Men det som har skjedd sidan sist, er at både Lindsay Lohan og Jamie Lee Curtis er blitt over 20 år eldre, og det blir ikkje akkurat underkommunisert.
Jobben gjord
Eg sleit litt med å halda styr på bytet til Lohan og Curtis, men i Freakier Friday må eg verkeleg konsentrera meg. Tre generasjonar skal bytast rundt på, og berre glimtvis klarar dei få meg til å le høgt av forviklingane. Tilbakeblikk til den sprø fredagen tilbake i tid er velkomne, men samtidig blir det meir hastverk no.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.