Kunst
Haustutstilling med varsam presisjon
Årets haustutstilling går med opne auge inn i vond materie, og viser kva som er verdt å kjempe for, utan å bli oppslukt av eigne kjensler.
Skulpturen «Precious Fragment» av Kachun Lay refererer til ei hending i Gaza by, der ein ung far tek imot leivningane av barnet sitt.
Alle foto: Ådne Thomassen
Det er
berre to dagar sidan temperaturen bikka 20 gradar, men denne mørke Oslo-kvelden
er kjølig, vindfull og våt. Kunstnernes Hus ligg som eit Soria Moria av lampar,
folk og musikk. Det er tilfeldigvis også Oslo Kulturnatt, og langope med DJ og
feststemning.
Eg ruslar opp steintrappa med strimlar av glitrande konfetti – restane etter ein performance. I det første rommet møter eg eit maskingevær, og
det kjem akkurat brått nok på til at ubehaget får litt tid på seg, før det
heile fell på plass som eit leikevåpen i installasjonen «NO MORE WAR /
Geværenes bønn» (2025) av Elin Austbø. Våpenet er festa på ein svart base
som liknar på slike som står på tivoli og kjøpesenter. Slike som vanlegvis held oppe leikefly
og liknande med plass for ein unge, og som rykker fram og tilbake når ein
puttar pengar på.
Kombinasjonen barn, underhaldning og våpen blir eit
uhyggeleg anslag som følgjer med på vegen vidare.
Konfrontasjon og eskapisme
På veggen
like bak blir videoverket «Min Verden» av Stein Henningsen vist. Ein mann i svart
dress står på eit lite isflak, omgitt av sludd, hav og andre isflak. Han tørkar
sveitten av panna, før han løftar ei sleggje og hakkar i isen han står på – det
einaste som beskyttar han mot det iskalde havet. Ei meiningslaus og
sjølvdestruktiv handling som på sitt vis passar tidsånda som hand i hanske.
Vidare
verk står som finstemte vekslingar mellom det å fortelje direkte og ulike
formar for eskapisme. Victor Lunds fotoprint «Landskap 2022» stiller
spørsmål ved tryggleiken vår når USA har tilgang til stadig fleire militærbasar
i Norden, medan Merkdes W. Shebeta tilbyr ein truskuldig, barnleg og
eventyraktig tilfluktsstad med ein installasjon av glasperler i eit avdempa, blått lys. Bakgrunnslyden er mellom anna opptak av meditative salmar frå eit kloster i Etiopia, og eit par saccosekkar inviterer til å bli
verande.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.