Teater

Hauk over hauk

Vaktmesteren er ei framifrå og velspelt framsyning som held på nerven frå byrjing til slutt.

Kristian Berg Jåtten, Herman Ljung Opedal og Jon Ketil Johnsen i Harold Pinter-stykket.
Kristian Berg Jåtten, Herman Ljung Opedal og Jon Ketil Johnsen i Harold Pinter-stykket.
Publisert

Vaktmesteren (1960) var stykket som gav den seinare nobelprisvinnaren Harold Pinter eit kommersielt gjennombrot som dramatikar. Sjølv om det ikkje er blant hans aller beste, dessutan er i lengste laget og heller ikkje har utvikla den pinterske «trugsmålkomedien» til fullending, syner svenske Carl Kjellgren gjennom sin regi at det er dramatikk av godt merke. Og ein tekst med relevans også for vår tid.

Maktkamp

Stykket utspeler seg i eit trongt, uryddig rom i ein nedsliten bygard i London. Eit London, og England, som står i overgangen mellom etterkrigsnaud og fastlåste klassestrukturar på den eine sida og aukande velstand, materialisme og større personleg fridom på den andre. Universet dramatikaren syner oss, er nokså stussleg og trist, og dei tre personane i stykket synest heller ikkje å ha von om ei lysande framtid – sjølv om dei, kvar på sitt vis, ber på ein liten draum om noko betre.

Den tidvis valdelege og temmeleg kyniske Mick eig bygarden, og bror hans, Aston, bur i rommet der handlinga utspeler seg. Vennlege Aston er sårbar etter elektrosjokkterapi, ei oppleving han skildrar i ein rørande monolog. Han bergar den langt eldre Davies ut av ein slåstkamp og gir han husly for ei stund. Dette blir opptakta til ein maktkamp, eit hauk-over-hauk-spel med skiftande posisjonar og stadige freistnader på manipulasjon frå Davies og Mick. Det handlar ikkje berre om makt, men også om bevare sjølvrespekt og verde.

I sentrum for dette spelet står han som har mest å vinne og lite å tape, omstreifaren Davies. Sjølvoppteken, framandfiendtleg og blotta for empati driv han eit splitt-og-hersk-spel med brørne, men skjønar for seint at han har sin overmann i intrigante og uføreseielege Mick, som berre leikar seg med han.

Nerve

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement