Film

Hardt å vera Harding

Glorien til Tonya Harding kjem aldri til å skina, men ettermælet er ikkje verst likevel.

Den australske skodespelaren Margot Robbie er framifrå i rolla som Tonya Harding.
Den australske skodespelaren Margot Robbie er framifrå i rolla som Tonya Harding.
Publisert

Ingenting fekk større tabloid merksemd under OL på Lillehammer i 1994 enn dramaet mellom dei amerikanske kunstløparane Nancy Kerrigan og Tonya Harding. No kjem spelefilmen om kva som eigentleg skjedde. Eller veit me eigentleg det?

Kampen

Sigg i munnviken, papegøye på skuldra, likesælt blikk gjennom umoderne briller – slik opnar filmen, med ein ekstremt lite flatterande presentasjon av mor til Harding, LaVona (Janney). Mykje betre ut av det kjem ikkje eksmannen Jeff (Stan) eller stjerna sjølv, Tonya (Robbie). Den førande introen gjer at eg straks føler at eg skal mislika dei, at dette er ikkje bra folk, at desse heiar eg ikkje på. Akkurat slik hugsar eg også mediekampen mellom Harding og Kerrigan då eg som tenåring følgde Lillehammer-OL. Fæle Tonya, uskuldsreine Nancy! Heldigvis nyanserer I, Tonya seg utover. Det eg likar best med utviklinga, er respekten filmskaparane har for sporten. Kunstløp fortener verkeleg ei hyllest (som det på eit underleg vis også fekk med komedien Blades of Glory frå 2007), og å ha eit dramatisk utgangspunkt som denne feiden er like gull som det gullet Harding håpa på i OL i 1994.

Antihelt

Unge Harding får mykje tyn for bakgrunnen, som i beste fall kan skildrast som fattigsleg. Faren forlét henne hos ei manipulerande, valdeleg mor, og som nittenåring gifta ho seg med like valdelege Jeff Gillooly, noko ho skulle koma til å angra bittert på. Viss berre små delar av det som kjem fram i filmen, stemmer, er det eit under at ho i det heile teke kom så langt som ho gjorde. Slik har dei klart å gjera noko helteaktig ut av den ganske stakkarslege karakteren, utan å gje henne nokon glorie av den grunn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement