Film
¿ Håp og håpløyse
Døden er ikkje eit kjærteikn, han er ein knyttneve i Maria Sødahls Håp.
Andrea Bræin Hovig spelar den dødssjuke Anja. Stellan Skarsgård har rolla som ektemannen Tomas.
Foto: Motlys / SF Studios
Lytt til artikkelen:
Det finst neppe noko godt tidspunkt å få beskjed om at ein har livstruande svulst på hjernen, men at det skjer rett før julehøgtida, gjer noko ekstra med alvoret, og med feiringa. Då Anja (Hovig) kjem heim frå jobboppdrag i utlandet, er huset fullt av ungar og forventningar, mens mannen Tomas (Skarsgård) er på jobb på teateret som vanleg. Både forhold og jul står brått på spel, i tillegg til sjølve livet.
Vaklenetter
Ai ai ai, det er ikkje småtteri regissør og manusforfattar Maria Sødahl har gjeve seg ut på. Så er også historia sjølvopplevd, noko som kanskje gjer det lettare – i den grad ein kan seia det er «lett» – å formidla noko så utfordrande som ei historie om kanskje å skulla døy. Sødahl har valt å bruka fagpersonar framfor skodespelarar i fleire av scenene frå Ullevål sjukehus. Det er eit dristig og vellukka grep, særleg fordi gjenbruk av skodespelarar ofte kan forstyrra når det kjem til truverd. I ei anna overraskande rolle finn me sjølvaste Einar Økland som far til Anja, rørande og mild. Korleis fungerer det då med så ofte brukte fjes, som Andrea Bræin Hovig og Stellan Skarsgård? Aldeles fabelaktig fungerer det! Her er to menneske i full krise, med eit vaklande utgangspunkt som partnarar der ein treng styrke på alle kantar, og dei ber kjenslene heilt ytst på utsida filmen gjennom. Som Anja og Tomas sviktar av og til styrken, men som Andrea og Stellan står dei støtt som stein.
Forholdsmessig
Ein vil helst ikkje tenkja at scenario som det i Håp skal skje med ein sjølv eller dei næraste. Ingen vil vera Tomas som står utanfor bilen og prøver å eta ei pølse i lompe medan tårene renn nedover kinna. Hadde ein kunna unngå det, slapp ein å måtta gå under dei durande lysrøyrlampane i ein sjukehuskorridor på veg mot ein konsultasjon med ein velmeinande, men nøktern kreftlege. Men når ein fyrst skal utsetja seg for desse tankane, er alternativet med å sjå det i kinosalen langt å føretrekkja framfor røynda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.