Film

Halvgodt og blanda

Det store mysteriet i Knives Out: Er det fugl eller er det fisk?

Forfattaren Harland Thrombley (Christopher Plummer) før han døyr og lèt etter seg ein stor formue.
Forfattaren Harland Thrombley (Christopher Plummer) før han døyr og lèt etter seg ein stor formue.
Publisert

Då den steinrike forfattaren Harland Thrombey (Christopher Plummer) tek livet av seg, etterlèt han seg ein feit formue, eit forlagshus, rettane til alle bestseljarane sine og ein stor, grisk familie. Den som ser ut til å koma best ut av det, er den unge heimesjukepleiaren hans, Marta (de Armas). Men var det eigentleg eit sjølvmord?

Knives Out passar dårleg inn i nokon sjanger. Er det farse? Er det krim? Er det komedie? Ei gusjen blanding, spør du meg, men resultatet er betre enn frykta. Det som fyrst verkar som ein glorete Agatha Christie-pastisj, klarar heldigvis å vera finurleg på sitt eige vis. Det reddar likevel på ingen måte filmen frå farsegrepet med ufatteleg irriterande overspelte hovudroller og lystige musikk. Eg skjønar verkeleg ikkje vitsen med desse verkemidla. Og den som toppar blautkaka, er Daniel Craig. Han er usedvanleg lite morosam i rolla som morosam. Den katastrofale sørstatsdialekta, som eg i starten trur er hans forsøk på å høyrast fransk eller belgisk ut for å fortsetja Christie-leflinga, er umogleg å overhøyra. Rolla som den kløktige detektiven Benoit Blanc kunne han med fordel tolka utan å kle seg i tweed, røyka sigar loddrett og mysa med auga.

I dei siste vekene har det kome fleire opplagde storsatsingar, som Martin Scorseses The Irishman og Noah Baumbachs Marriage Story. Desse har gått rett forbi det store lerretet og inn i dei store TV-ane våre heime via Netflix.

Men Knives Out, ein aldeles opplagd rett-til-TV-film, den får ein den delte gleda av å kunna sjå på kino. Han skal ikkje vera lett å forstå seg på, denne populærkulturen. Like lite som kor regissør og manusforfattar Rian Johnson har klart å samla eit sånt knippe av kjendisskodespelarar til eit såpass lite kommersielt prosjekt med såpass lite kunstnarisk verdi samstundes.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement