Film
Hallo igjen, pusi
For min del hadde ikkje Katteprinsen trunge ein ny omgang på kino.
Ungjenta Huru og katten.
Foto: Arthaus
Ungjenta Haru bergar ein katt frå å verta overkøyrd. Det viser seg at han er ein katteprins, og som takk skal ho gifta seg med han. For å få hjelp til å koma seg ut av denne kattepina kontaktar ho Kattekontoret. Saman med tjukkekatten Muta og den sofistikerte baron Hubert von Gikkingen dreg dei til katteriket for å ordna opp.
Nye lodd
Kva som gjer at Katteprinsen og ei rad andre Studio Ghibli-filmar har fått ny premiere 15 år etter fyrste runde på kino, er eg usikker på, men interessa for japansk animasjon har kanskje teke seg opp dei siste åra og fått eit kommersielt potensial som mangla på tidleg 2000-talet. Elles ville nok både denne, Min nabo Totoro (1988) og Prinsesse Mononoke (1997) vore typisk cinematek- og filmklubbmat. Og ja til mangfald for dei minste! Det er litt forvirrande at ein så barnsleg film som Katteprinsen handlar om ei jente som tydeleg må vera nærare tenåring, men filmen er uansett definitivt meir for små ungar enn mangaopphengde ungdomar.
Ope versus lukka
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.