Sakprosa
Grundig om Arnfinn Nesset-saka
Politimetodar som ikkje held mål. Tvil om vitneprov og merkelege tilståingar. Var Nesset eigentleg skuldig i 25 drap? Bevisa mangla.
Sjukeheimsstyrar Arnfinn Nesset under første dag i rettssaka i Frostating lagmannsrett, 18. oktober 1982. Nesset står bak til høgre. Forsvararane hans sit framføre han; Alf Nordhus t.v. og Morten Gunnes.
Foto: Erik Thorberg / NTB
Boka Den usannsynlige seriemorderen –
Arnfinn Nesset og hans 31 tilståelser er eit djupdykk i den snart 50 år gamle
drapssaka.
Ein sjukeheimsstyrar som tok livet av pasientane sine med den
dødelege gifta curacit, kom som eit sjokk på så vel lokalsamfunnet i Orkdal som
heile Noreg tidleg på 1980-talet. Arnfinn Nesset blei i 1983 dømd for 22 drap
og eitt drapsforsøk. Han fekk lovas strengaste straff, 21 års fengsel.
Forfattar Simen Sætre har arbeidd med boka i mange år. Første
gongen han søkte kontakt med Nesset, var for 14 år sidan, men han fekk ikkje svar. Han
gav ikkje opp, men fann andre vegar. Sætre har kontakta tallause kjelder og gått
gjennom tjukke bunkar med dokumentasjon for å sjå nærare på historia. Litteraturlista
bak i boka er som eit lite bibliotek. Resultatet av arbeidet er da også ein særs
grundig gjennomgang av alle sider ved saka.
Spennande lesing
Dokumentarboka er delvis fortald kronologisk. Sætre vekslar
elegant mellom skildring av sjølve kriminalsaka slik ho utviklar seg, og sine
eigne opplevingar under arbeidet. Det er dette spennet som gjer boka god.
Han tek for seg det eine påståtte drapet etter det andre.
Ja, det kan bli mykje å halde styr på for lesaren, men samla gir det rom for
tvil der aktor, dommar og juryen ikkje var i tvil om skuld. At også forfattaren
heile tida er i tvil om skuld og uskuld, er ein styrke ved boka.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.