Film

Grubygging

Regissør Syversen prøver hardt – og lukkast.

Tre søstrer dreg til familiens feriestad for å handtere ei vanskeleg hending.
Publisert Sist oppdatert

Veslesyster Kristine (Johansen) er med storesyster Esther (Solem), mannen hennar (Myhre) og mellomste syster Cecilie (Storstein) på hytta for å koma til hektene etter eit sjølvmordsforsøk.

Kven er mannen Kristine ser i skogen utanfor, og kva har han seinare på tunet deira å gjera?

Flinkisfilm

Hadde det ikkje vore for at eg visste at sjangeren skulle vera skrekk, og at regissøren laga Rovdyr (2018), så kunne du lurt meg med den fyrste halvparten av filmen.

Regissør og manusforfattar Patrik Syversen byr kan henda på ein haug med referansar som går meg hus forbi, det kan vera formatet (4:3, tenk den gamle TV-en), det tekniske (vekslinga mellom svart-kvitt og farge), stilistisk (forteljarstemme med frampeik og hovudpersonane som bryt den fjerde veggen) og sikkert noko litterært og filmvitskapleg.

Demring kjennest så kløktig at eg føler meg underleg underlegen, på grensa til dum. Men dess meir eg tenker på det i etterkant, dess meir kjennest det som at eg har sett noko både svært originalt og samtidig banalt – ein skrekkfilm inspirert av Ingmar Bergmans Persona (1966). Viss eg skulda Joachim Trier for å lefla med filmhistoriske storleikar i mykje omtala Affeksjonsverdi, så er det på sin plass å gjera det same her. I begge tilfelle er det tilgjeveleg, men i Demring kjennest det unekteleg friskare.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement