Bok
Grevlingar i språket
Kjersti Bjørkmo nyttar kommuneslagord i leikande dikt.
Kjersti Bjørkmo debuterte med ei diktsamling i 2014. No er diktsamling nummer to ute.
Foto: Paal Audestad
Kommunane freistar gjere seg meir attraktive gjennom å nytte slagord som fangar stadens særpreg. Men somme av fyndorda fortonar seg anten så flate og inkjeseiande eller så openbert dagdraumliknande at ein kan undre seg på om dei snarare gir innbyggjarane lyst til å rømme.
Kjersti Bjørkmo har i alle fall nytta slike motto, nokre reelle og nokre oppdikta, som titlar på dikta i si andre diktbok. Fyndorda svingar seg frå det poetiske, «Ulstein – der baug bryt båre», til det prosaiske, «Skedsmo – et geografisk midtpunkt i Akershus».
Livfulle dikt
At spenstige dikt kan oppstå med utgangspunkt i denne litt traudige og motstandslause språkressursen, provar dei livfulle dikta til Bjørkmo. Dikta er poetiske kommentarar til, og ironiske refleksjonar over, dei kommunale skriftstadane. Ein gjennomgangsfigur i diktboka er grevlingen, ein «opportunist», «en som spiser det som/ byr seg». Forutan å presentere vrengjebilete, absurd komikk og eit leikande språk som går slagorda ein høg gang, betraktar Bjørkmos dikt framfor alt korleis livet, kanskje heimsøkt av trøbbel, utfaldar seg i skuggen av seljarretorikken: «Jeg bærer også min historie/ slik et dyr bærer ungen sin etter nakkeskinnet».
Diktet «Røros – der historien kviskrer» handlar om tid, men gjer oss samstundes merksame på at historier som må kviskrast, er historier som kanskje ikkje toler dagens lys. Eit motto kan sjå tilforlateleg ut og likevel bere med seg meiningar dei som laga det, neppe har sett føre seg.
Samfunnskritikk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.