Bok

Grenselaust godt

Alfred Döblin byd på innsikt mellom det absurde og det realistiske.

Alfred Döblin skreiv ei rekkje filosofiske og politiske essay i tillegg til romanar og noveller.
Publisert Sist oppdatert

Det er ei gammal innsikt at når ein drar langt nok vekk frå røynda, så finn ein ho igjen. Slik er det med den tyske forfattaren Alfred Döblin (1878­–1957), mest kjend for romanen Berlin Alexanderplatz (1929).

Alt mellom 1903 og 1905 skreiv han studentnovellene vi no finn i den norske utgivinga Mordet på en løvetann og andre fortellinger, omsett av Ute Neumann. Den unge Döblin hadde eit tydeleg grep om grenseland vi kan forstå oss sjølve i.

Munter grøssar

Personane i dei 13 novellene lever og handlar i religiøse, psykologiske, fysiologiske og eksistensielle overgangar. Enten har ei skjebnesvanger hending ført dei dit, eller grenselandet sjølv leier dei til skjebnesvangre hendingar.

Forteljingane sjølve utspelar seg ofte i halvrealistiske landskap. Mellom brustein og sjeselongar, mystikk og eventyr. Av og til herskar ei gotisk-humoristisk stemning, om eit slikt paradoks gir meining. Dette gjeld blant anna novella «Medhjelperen», som handlar om eit «blomstrende begravelsesbyrå» i New York på 1850-talet. Byrået held seg med ein assistent som «tilsynelatende sto stille i tiden». Det er ein grøssar, men så var det dette med «blomstrende begravelsesbyrå», då.

Ein blome finn vi òg i tittelnovella. Nokre i litteraturhistoria kjempar mot vindmøller, andre bankar opp ei løvetann. Ein svartkledd mann går rasande til angrep på denne forsvarslause blomen og brukar fleire år på å finne ut av korleis han skal hanskast med karmaen i dette. Han lurer på korleis han kan «overliste skogen».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement