Film
Gravalvor og galgenhumor
Som alle spradebassar verkar han mest sympatisk når maska fell.
Lege og sosialmedisinar Per Fugelli døydde 13. september i fjor.
Foto: Martin Otterbeck / Paradox Rettigheter AS
Det er ikkje lett å vera kritisk til ein film som handlar om ein som akkurat har døydd. Objektet stiller seg på ein måte over all kritikk ved å utføra eit slikt stunt. Og Per Fugelli er nettopp dette – uangripeleg. Når då heile to timar er sette av til berre å handla om denne omtykte mannen, totalt utan kritisk vinkling, ei rein hyllest i sjangeren «ærleg portrett», så har han i grunnen lagt premissen. Har ein lov å snakka stygt om dei daude som ikkje er her og kan forsvara seg?
Livsfilosof
Fugelli var ikkje ein mann som skydde merksemd, og han stilte seg lageleg til for hogg gjentekne gongar. Dette kunne ofte handla om hans eigen sjukdom, men minst like ofte nytta han sjansen til å forkynna om ansvaret vårt for å ta oss av dei som er svakare enn vi sjølve, og til å hytta med neven mot det meste Sylvi Listhaug skulle ha på hjarta. Filmen er ikkje noko unntak. Dei enkle, men effektive filosofiane hans om å vera god mot andre og å omfamna livet, har noko Paolo Coelho-aktig over seg som gjer han høveleg for breie lag av folket. For dei av oss som knapt kan finna noko meir irriterande enn «visdomsorda» til Coelho, verkar dette mot si meining. Lange sekvensar fangar den godt vaksne mannen i overtydelege, barnlege situasjonar, for å skriva med store bokstavar: Sjå kor livsglad og fri han er!
Teppefall
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.