Gøy på landet med Agnes og Einar
Verda er ein skandale er blitt ei herleg blanding av spøk og alvor i ei spenstig og fantasifull oppsetjing.
Dei tre skodespelarane Siren Jørgensen, Ane Skumsvoll og Sandra Kolstad deler på å spele Agnes Ravatn.
Foto: Haugesund Teater
Vi er blitt vane med at romanar blir teater, meir og mindre vellykka, men å sjå ei essaysamling bli godt teater, er noko nytt. Toril Solvang, som har stått for både dramatisering og regi, viste seinast med dramatiseringa av Olaug Nilssens Tung tids tale at ho kan fri seg frå det litterære førelegget. Med Ravatns tekst tar ho endå eit steg mot å skape eit sjølvstendig kunstverk av ei interessant bok. Mange norske «dramatisørar» og regissørar har noko å lære av henne.
Essaysamlinga som utgjer Verda er ein skandale, stod fyrst på trykk i Dag og Tid. Boka som kom ut i 2017, skildrar på humoristisk og tankevekkjande vis korleis Ravatn opplevde å flytte med mann og baby frå kultureliten på Frogner til ein nedlagd gard i Valevåg. Utan internett, med elendig mobildekning, men med ein interessant nabo: diktaren, samlaren og så vidare Einar Økland.
Sjølvstendig kunstverk
Sjølv om Toril Solvang har gjort framsyninga til eit sjølvstendig kunstverk gjennom dramatisering og regi, har ho vore tru mot opphavet. Heile tida merkar vi røysta til Agnes Ravatn, ofte kjenner vi att dialogar og replikkvekslingar mellom Agnes og Einar, slik vi hugsar dei frå boka. Ikkje minst er den kjende ironien og sjølvironien intakt. Her og der har Solvang rett nok dikta til ting, men i Ravatns «ånd». Berre når dei tre på scenen stiller seg opp framfor ein mikrofon og i korte monologar kommenterer dagsaktuell politikk, bryt det med denne «ånda» og med den lausslopne og burleske spelestilen.
Den viktigaste «frigjeringa» ligg likevel i det teatrale formspråket. Tre kvinner i uvanleg fargerike «bunader» og med overdådig blomstrande hovudplagg skal minne oss på identitet og opphav. Berre éi av dei, Siren Jørgensen, er vestlending og spelar på nynorsk, medan austlendingane Ane Skumsvoll og Sandra Kolstad nyttar sine heimlege dialektar. Sistnemnde står også for musikken, elektropop med engelsk tekst, som meir eller mindre direkte kommenterer «handlinga», som primært er av det verbale slaget.
Speleglede
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.