Godt om Ulven
Anemari Neple syner korleis vi kan forstå sentrale punkt i tekstane til Tor Ulven.
Anemari Neple har omarbeidd doktorgraden frå 2016 til ei bok om forfattarskapen til Tor Ulven.Anemari Neple har omarbeidd doktorgraden frå 2016 til ei bok om forfattarskapen til Tor Ulven.
Foto: Julie PikeFoto: Julie Pike
Dikt
Tor Ulven (1953–95) vert rekna som ein av dei sentrale norske poetane frå førre hundreåret. Etter Ulvens død har fleire kritikarar, forfattarar og forskarar i bokform teke for seg ulike aspekt ved diktinga hans.
Ulvens tekstar høyrer heime i modernismen, ofte uttrykkjer dei ein eksistensiell pessimisme kopla med originale bilete som freistar overskride den menneskelege eksistensen, i retning av ein slags nøytral, medvitslaus tilstand. At Tor Ulven skreiv både poesi og prosa, er uttrykk for overskridingsviljen tekstane hans ber så tydeleg merke av.
Meditativt aspekt
Anemari Neples bok, som er ein omarbeidd versjon av doktoravhandlinga hennar frå 2016, handsamar trekk – og dikt – som tidlegare ikkje har vore så langt framme i Ulven-lesingane, mellom anna det meditative aspektet. Samstundes utdjupar boka forståinga av tekstane hans, særleg der dei rører seg i grensefelta mot det som ikkje lèt seg erkjenne «bortenfor ordene».
Neple krinsar rundt tre drag ho kallar det mytiske, det musiske og det kontemplative feltet. Ho presenterer også nytt arkivmateriale, korrespondansen forfattaren hadde med forlaget, som også syner mentaliteten hans og gjev innsikt i korleis Ulven tenkte kring tekstane sine.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.