JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Godt om Ulven

Anemari Neple syner korleis vi kan forstå sentrale punkt i tekstane til Tor Ulven.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Anemari Neple har omarbeidd doktorgraden frå 2016 til ei bok om forfattarskapen til Tor Ulven.

Foto: Julie Pike

2535
20190118
2535
20190118

Dikt

Anemari Neple:

En annen verden. Ro og refleksjon i Tor Ulvens forfatterskap

Gyldendal 2018

Tor Ulven (1953–95) vert rekna som ein av dei sentrale norske poetane frå førre hundreåret. Etter Ulvens død har fleire kritikarar, forfattarar og forskarar i bokform teke for seg ulike aspekt ved diktinga hans.

Ulvens tekstar høyrer heime i modernismen, ofte uttrykkjer dei ein eksistensiell pessimisme kopla med originale bilete som freistar overskride den menneskelege eksistensen, i retning av ein slags nøytral, medvitslaus tilstand. At Tor Ulven skreiv både poesi og prosa, er uttrykk for overskridingsviljen tekstane hans ber så tydeleg merke av.

Meditativt aspekt

Anemari Neples bok, som er ein omarbeidd versjon av doktoravhandlinga hennar frå 2016, handsamar trekk – og dikt – som tidlegare ikkje har vore så langt framme i Ulven-lesingane, mellom anna det meditative aspektet. Samstundes utdjupar boka forståinga av tekstane hans, særleg der dei rører seg i grensefelta mot det som ikkje lèt seg erkjenne «bortenfor ordene».

Neple krinsar rundt tre drag ho kallar det mytiske, det musiske og det kontemplative feltet. Ho presenterer også nytt arkivmateriale, korrespondansen forfattaren hadde med forlaget, som også syner mentaliteten hans og gjev innsikt i korleis Ulven tenkte kring tekstane sine.

Ein har til dømes ofte nøgd seg med å peike på at Ulven dreiv ei form for litterær arkeologi når han skreiv om graver og gravfunn. Neple set desse elementa hos Ulven i kontakt med ei større tenking og plasserer impulsen bortanfor den vitskaplege arkeologien. Aspektet knytt til døden og førestillingane om han er framleis utilgjengeleg og stumt, og mot dette strekkjer Ulvens tekstar seg.

Klart språk

Eit stort fortrinn med En annen verden er at boka ikkje fortapar seg i det tekniske ved dikta eller står fram som ei akrobatisk øving i akademisk prosa. Boka syner fram, i eit klart og sobert språk, korleis ein kan forstå sentrale punkt i Ulvens tekstar. Vidare freistar ho ikkje gape over alle tekstane, ho held fast ved eit nøye utval, som ho vender attende til fleire gonger. Det gjer det greitt for lesaren, samstundes som det underbyggjer lesingane og gir dei ei uvanleg djupne. Anemari Neple har laga ei viktig bok om ein sentral norsk forfattarskap.

Sindre Ekrheim

Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eit stort fortrinn med En annen verden er at
boka ikkje fortapar seg i det tekniske ved dikta.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis