Bok

Godt ei lang stund, langt ei god stund

John Boynes historie om å vekse opp som homofil i eit prestestyrt land er storslått, men går etter kvart litt i oppløysing.

John Boyne skildrar eit bakstreversk Irland.
John Boyne skildrar eit bakstreversk Irland.
Publisert

Irske John Boyne er forfattaren bak boksuksessen Gutten i den stripete pyjamasen, som blei filmatisert. Over sju millionar eksemplar av boka er seld på verdsbasis. Boyne er prislønt, omsett til 45 språk og stadig å sjå på bestseljarlister.

I Hjertets usynlige stormer møter vi Cyril Avery, som er så uheldig å vekse opp som homofil i eit Etterkrigstids-Irland som blir omtalt slik: «Irland er et bakstreversk høl av et land, styrt av hatske, ondskapsfulle, sadistiske prester og en regjering som ligger så under for presteskapet at den nærmest lar seg føre rundt i bånd.» Det heiter seg på ramme alvor at det ikkje finst homoseksuelle i Irland. I andre land, ja, det har ein høyrt om, men garantert ikkje i Irland. Denne totalfornektinga skapar sjølvsagt ei ramme rundt Cyril og andre homofile som blir uuthaldeleg. Dei er overlatne til eit seksualliv i mørke bakgater, med skamma hengande over hovuda, og Cyril reiser etter kvart vekk, til Amsterdam og New York.

Eit liv og eit land

Før den tid har vi følgt Cyril gjennom oppveksten som adoptert, der han ikkje akkurat druknar i kjærleik frå adoptivforeldra. Men han møter (høgst heterofile) Julian, som han forelskar seg i, og som skal bli ein slags nemesis. Cyril har tilfeldige jobbar, han føter seg så godt han kan i livet, men han kjem opp i den eine dramatiske situasjonen etter den andre, enten fordi han er homofil, eller fordi han lyg for seg sjølv eller andre om det.

Like mykje som ei livsforteljing om Cyril Avery er romanen eit storslått portrett av eit land og ei tid. Det er opprivande å lese om kor vengeklipt ein kunne kjenne seg som homofil, som kvinne, som ikkje-truande, ja, som alt anna enn katolsk prest i Irland på den omtalte tida. Vi møter folk som går til grunne av det, men også dei som finn konstruktive alternativ og klarer seg. Ein blir knytt til enkelte av personane, ein blir riven med av skjebnar.

Plutseleg eplekjekk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement