Teater
Godkjensleteater
Varmt og rørande om menneskemøte i ei krisetid.
Musikalen tek for seg historia til 7000 flypassasjerar som vart omdirigerte til den vesle byen Gander etter terroråtaka i New York i 2001.
Foto: Sebastian Dalseide
Sjølv om slutten er noko langdryg og sentimental, er Come From Away ein musikal å gle seg over, ei musikalsk feiring av menneskeleg godskap og omsorg med fellesskapen og det kollektive i sentrum.
Då terroråtaka råka New York 11. september 2001, blei 38 fly dirigerte om til den svære flyplassen ved den vesle byen Gander på New Foundland. Brått måtte 9000 menneske i den kanadiske byen ta hand om 7000 framande av ulik nasjonalitet, etnisitet og tru. Det er historia om desse dagane som snudde om på fleire liv, denne musikalen fortel. Ho er også blitt til spelefilm.
Opninga er kaotisk og hektisk, slik både dei fastbuande og dei «invaderande» truleg må ha opplevd den heilt spesielle situasjonen. Dei tolv medverkande speler både fastbuande og flypassasjerar, og det blir mange sceneskift og rolleskift, slik at framsyninga aldri heilt finn roa. Sidan hovudvekta er lagd på det kollektive, blir vi heller ikkje nærmare kjende med einskildpersonar eller -lagnader. I staden flyttar handlinga seg frå situasjon til situasjon, men det gir fart og dynamikk til framsyninga. Dette blir forsterka av innslaga der flypassasjerane driv koreografert kontorstolballett, eit morosamt og vel gjennomført regiinnslag.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.