Teater

God tolking, men for nedkorta

Å late Peer Gynt sitje i ein bar er utmerkt. Men stykket skulle ha vart ein halvtime lenger.

Peer Gynt (Espen Reboli Bjerke) vert tvinga til å ta eit oppgjer med det oppblåste egoet sitt.
Publisert

Det er forståeleg at regissørar kortar inn på Henrik Ibsens fem akter lange stykke Peer Gynt, av di nokre avsnitt er språkleg rett krevjande. Skjer ein inn til essensen av hovudpersonen sin kamp med seg sjølv, kan vi klårare sjå den forfengelege fantasten, anten han drøymer om kjærleik eller eigen stordom. Men instruktør Hanne Tømta har teke vekk for mykje.

Bra fram til pause

Første til tredje akt vert godt formidla: Peer, eminent tolka av Espen Reboli Bjerke, trollbind mor Aase, nydeleg spela av Marit Adeleide Andreassen, med si diktskrøne om bukkerittet. Samspelet har driv og intensitet. Drankaren Peer, uglesett i bygda, vil få andre til å tru på vyane sine: å bli keisar! Scenografien med ein svær bardisk blir særs passande – kven har ikkje høyrt påsegla folk snakke over seg?

Mora vonar at sonen kan gifte seg til rikdom. Men odelsjenta Ingrid er lova bort til ein annan. I bryllaupet møter Peer den uskuldige Solveig, fint tolka av Ingrid Unnur Giæver, men skremmer henne vekk med varulvsnakk. Han røvar i staden Ingrid og har ei natt med henne. Peer blir dratt mellom seksuelle augneblinkfreistingar og ønsket om eit samliv med den reine Solveig.

Det blir verre: Den fordrukne bargjesten Peer fantaserer om å byggje opp att farsgarden, men lèt seg lokke av dottera til Dovregubben (trollpakket blir sleskt spela av Matias Kuoppala og Øystein Martinsen). Han får trollhale og lærer at troll er seg sjølv nok.

Vakre rim, berømte sitat

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement