Film

God handel

Filmane til Farhadi er samansette som livet og omtrent like uføreseielege.

Taraneh Alidoost og Shahab Hosseini spelar hovudrollene i En handelsreisende. Foto: Norsk Filmdistribusjon
Taraneh Alidoost og Shahab Hosseini spelar hovudrollene i En handelsreisende. Foto: Norsk Filmdistribusjon
Publisert

Emad (Hosseini) og Rana (Alidoosti) lyt flytta frå det falleferdige huset sitt i Teheran, og kollegaen deira i amatørteatergruppa, Babak (Karimi), tilbyr dei ei leilegheit der den førre bebuaren vart bedd om å flytta. Dei takkar ja, men innser etter kort tid at ho som tidlegare budde der, dreiv med snuskete greier. Enno er det eine rommet fullt av sakene hennar. Ein dag Rana er åleine, kjem ein inntrengar og overfell henne i dusjen. Sjokket er stort for både henne og Emad, men det er Emad som mest av alt søkjer ro ved å finna gjerningspersonen.

Veksesmerte

Etter at Abbas Kiarostami døydde i fjor, er det nærliggande å kalla Asghar Farhadi den største iranske regissøren, men ved å avgrensa det til land, yter eg ingen av dei særleg rettferd. To av verdas beste regissørar kom og kjem frå Iran. Personleg likar eg betre den realistiske, ujålete stilen til Farhadi enn det eg har sett av Kiarostami. Og med En handelsreisende viser Farhadi nok ein gong seg frå si beste side, som er å visa oss menneske frå våre mange sider. Barndom, oppvekst, vaksenliv, alderdom – livet er ikkje statisk. Noko av det som gjer oss menneskelege, er at me endrar oss. Endringane kan gjera at ein veks tettare eller veks frå einannan. Der Rana gradvis jobbar seg ut av traumet og vil sjå framover, veks uroa i den vanlegvis fornuftige Emad; han nærer hemntankar som ikkje vil forsvinna.

Prisverdig

Farhadi vann årets Oscar for beste framandspråklege film og prisen for beste manus i Cannes. Til å formidla filmane sine har han alltid eit arsenal av dyktige skodespelarar. Shahab Hosseinis tolking av Emad gav også han ein pris i Cannes.

No er det vanskeleg for meg å høyra kor naturtru dei farsiske replikkane vert leverte, men kroppsspråket og ansiktsuttrykka til Emad klarar nærast på eiga hand å formidla den komplekse situasjonen. I tillegg spelar han den frustrerte Willy Loman i oppsetjinga av En handelsreisendes død, ein karakter som på alle måtar skil seg frå kven han er. Eg er uviss på kor symbolsk oppsetjinga er meint å vera, men for Emad blir det ein megafon for dei stadig meir opprørte tankane hans.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement