Glimt inn i ei altfor fjern verd

BERGEN: Utan å anstrenge seg for mykje kunne ein på tre dagar på Cine Latino få sett fleire latinamerikanske filmar enn norske kinoar syner på ti år.

Magdalena leitar etter sonen, som ho ikkje har fått livsteikn frå etter at han drog frå Mexico mot USA for to månader sidan.
Magdalena leitar etter sonen, som ho ikkje har fått livsteikn frå etter at han drog frå Mexico mot USA for to månader sidan.
Publisert

Sist helg gjekk minifestivalen Cine Latino av stabelen i Bergen for tredje året på rad. På programmet hadde avleggjaren av Bergen internasjonale filmfestival (BIFF) 13 filmar frå elleve ulike land i Sør-Amerika. Igjen får vi prov på kvaliteten i den latinamerikanske filmskapinga, som årleg resulterer i over 700 filmar.

Her i landet er det Hollywood som rår. Sidan heller ikkje EUs støtteordningar er til hjelp for dei som vil sjå latinamerikansk film, er det ikkje særleg håp om å få festivalfilmane på ordinære kinoframsyningar. Men ut mars månad er alle filmane tilgjengelege på https://se.biff.no.

Vanskeleg historie

Det søramerikanske kontinentet har ei fargerik og vanskeleg historie og ei problematisk samtid å hente stoff frå, og det blei godt spegla i festivalprogrammet, der hovudtyngda var fiksjonsfilm. Med omsyn til sjanger, tematikk, geografi og stil synte utvalet den store breidda i latinamerikansk film. Her er stilsikker komedie frå overklassen i Peru (Best of Families, regi: Javier Fuentes-León), ei underfundig og smått absurd historie i svartkvitt frå daglegliv i Argentina (The Dog Who Wouldn’t Be Quiet, regi: Ana Katz), ein komisk skrekkfilm frå Uruguay (Red Screening, regi: Maximiliano Contenti) og ein fin film om unge jenter i skatemiljø som veit å hevde seg når ein gut går for langt (My Name Is Baghdad, regi: Caru Alves de Souza).

Rasisme er ikkje noko ein primært assosierer med Sør-Amerika. Men problemet finst, og det er heller ikkje lite. I Jair Bolsonaros Brasil møter den store folkesetnaden med afrikansk opphav stadig sterkare krav om å «dra tilbake dit dei kom frå». Den dystopiske thrilleren Executive Order (regi: Lazaro Ramo) har adresse til den høgrevridde presidenten, men også universell relevans.

Rase og kjønnsidentitet er sentralt i kubanske Fernando Pérez’ vakre og uhyggelege historiske drama Defiant Souls, der handlinga utspeler seg på Cuba for over to hundre år sidan. Ein sveitsisk lege kjem for å leite etter son sin, har suksess som medisinar, men opponerer mot slavehandelen og blir utsett for ei skandaløs rettsforfølging.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement