Teater
Gjer historia for eintydig
Ein kammeropera der det musikalske fungerer betre enn regien og spelet.
Sopranen Marianne Folkestad spelar Ho. Barytonen Halvor F. Melie har rolla som Han.
Foto: Haugesund Teater
Knut Vaages musikk til Fosses første stykke, Nokon kjem til å kome, har vore meir spelt i utlandet enn her heime. Det er synd, for musikken fortener eit større publikum. Spesielt «skremmande» er han heller ikkje. Når så ein internasjonalt anerkjend operaregissør som tysk-polske Bruno Berger-Gorski har hatt hand om regien, er det all grunn til å møte denne oppsetjinga med forventning.
Men så syner det seg at medan det musikalske i det aller meste fungerer framifrå, er det vanskelegare å godta Berger-Gorskis tolking av stykket. Å gjere denne versjonen av kammeroperaen annleis enn den vi såg på urpremieren for 25 år sidan, er som det skal vere. Musikken er den same, sjølvsagt, instrumenteringa like så. Også librettoen er identisk, og i den ligg kanskje litt av forklaringa på problemet.
Ingen dialog
Historia skulle vere kjend nok. Han (Halvor F. Melie, baryton) og Ho (Marianne Folkestad Jahren, sopran) vil trekkje seg tilbake frå verda og dyrke kjærleiken sin i isolasjon. Til det føremålet har dei kjøpt eit gammalt hus heilt ute ved kysten. Han er tjue år eldre enn Ho, og den stadige insisteringa hennar i byrjinga på at nokon kjem til å kome, signaliserer at dette ikkje vil gå bra. Kanskje har Han rett i at Ho vil at nokon skal kome? Denne «nokon» materialiserer seg snart i form av Mannen (Magnus Staveland, tenor), han som har selt dei det noko forfalne huset dei vil flytte inn i.
Knut Vaage har ansvaret for librettoen, som er ei kraftig nedskjering av teaterteksten, utan at noko er lagt til. Det betyr at ein heil del går tapt. Kvar einaste replikk blir sungen, her er ingen talt dialog. Mykje av teksten får etter kvart monologpreg og tek slik bort noko av den indre dynamikken i stykket.
Dette har Berger-Gorskis valt å forsterke, slik at forholdet mellom Ho og Han blir for eintydig. Til dømes etablerer regien heilt frå byrjinga ein større avstand mellom dei to enn originalteksten gir grunnlag for. Slik framstår mykje av føresetnaden for «prosjektet» deira – å vere «åleine saman» – som mindre truverdig. Greitt nok at ho alt frå starten tviler på at dei får vere åleine, men ved å tydeleggjere dette slik Berger-Gorski gjer, tek han mykje av den indre spenninga ut av stykket. Til gjengjeld gir musikken oss meir av denne spenninga, om enn somme tider med noko som ligg nær tradisjonell filmmusikk. I tillegg gjer regien slutten for definitiv. Når framsyninga i store delar dessutan er meir statisk enn ho kunne vore, blir ikkje dette den heilt store operaopplevinga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.