Bok
Gjennombrot og samanbrot
Marte M. Solem skriv med stor presisjon om ein tilstand der alt raknar.
Marte Magnusdotter Solem har vakse opp i Oslo og er utdanna skodespelar ved Statens teaterhøgskole. Ho har gått på Aschehougs forfattarskule.
Foto: Oda Berby
Når ein sjølv meiner ein står framfor eit gjennombrot, kan det vere lurt å vente med å kunngjere det til det er bekrefta. Det får Sara i Marte M. Solems Noe av betydning merke. Det hindrar ikkje hovudpersonen i å gjenta feilen.
Den indre spagaten
Sara har laga nokre kortfilmar tidlegare, ein av dei med stor suksess, no ser ho fram til den første spelefilmen sin. Ho har eit team rundt seg som står klare, og vener og familie har store forventningar, sidan ho på førehand har varsla at det er i boks. Når støtta frå Filminstituttet likevel ikkje kjem, raknar prosjektet, og tilbake står ei betutta Sara. Utover i romanen raknar ho sjølv meir og meir.
Sara har sonen Brage på 11 år. Barnefaren Fredrik lever med ny kone og barn. Sara underviser studentar i film, i eit vikariat, men heime blir det stadig meir skrantent i kjøleskåpet, det går i nudlar og knekkebrød med kaviar.
Marte M. Solem viser oss eit menneske som står i spagaten mellom å ha tru på seg sjølv som kunstnar og å måtte ty til andre jobbar for å overleve. Ikkje eit ukjent fenomen i historia. Men korleis dette kan verke på innsida, blir tydeleg på ein både smertefull og komisk måte i denne romanen. Sara opplever at alle rundt henne trekker seg unna, men lesaren ser at det like mykje er Sara som med sin klagande, krevjande måte skyv andre vekk. På same tid teiknar forfattaren opp eit film- og kunstnarmiljø som er rimeleg overflatisk – det handlar om fasade og posisjonar – så det er ikkje så lett å bli rekna med heller, utan jamn og pågåande suksess.
Hormonelt perspektiv
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.