Film

Gjennom merg og bein

Ein av filmskaparane, Waad Al-Khateab, med dottera Sama, som vart fødd under arbeidet med filmen.
Ein av filmskaparane, Waad Al-Khateab, med dottera Sama, som vart fødd under arbeidet med filmen.
Publisert

Eg har sett fleire tusen filmar, både gode og vonde, men aldri noko så jævlig som dokumentaren For Sama, som blei vist på årets BIFF. Skildringar av borgarkrigshelvetet i Syria finst det fleire av, men det som gjer journalisten og filmskaparen Waad al-Khateabs versjon frå Aleppo så spesiell, er at vi kjem så tett på offera, både levande og døde, store og små, og deler angsten og sorga med dei på brutalt vis.

Al-Khateab og Edward Watts har gitt filmen form som eit brev til Al-Khateabs dotter Sama, som blei fødd under kampane om den 4000 år gamle kulturbyen Aleppo – eit vitnesbyrd om krigsgalskap, men også om menneskeleg omsorg og varme. Waad er journalist og vil dokumentere det som skjer, og Hamza, som går frå å vere ven til ektemaken hennar i løpet av åra ho filmar han, er lege og sjef for eit «illegalt» sjukehus i byen. Sjukehuset, som fleire gonger blir bomba og skote på, er sjølve navet i forteljinga. Her blir liv redda, her går liv tapt. Alt skjer i eit drepande tempo, med mangel på medisinsk utstyr og medisinar, men aldri mangel på vilje til å halde fram.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement