Musikk

Gedigen digital dugnad

Kulturprodusentar på den uavhengige digitale plattforma Itch.io går saman om å støtte offer for invasjonen av Ukraina.

Musikkspel som det norske «Klang 2» og Figment, ein interaktiv musikal, er blant tilboda ein kan kjøpe tilgang til og støtte krigsoffer.
Musikkspel som det norske «Klang 2» og Figment, ein interaktiv musikal, er blant tilboda ein kan kjøpe tilgang til og støtte krigsoffer.
Publisert

Under Black Lives Matter-demonstrasjonane i 2020 gjekk skaparar på Itch.io, ei plattform for indiespel og digitalt innhald, saman om ein innsamlingsaksjon mot rasisme. Året etter blei kreative krefter samla for å støtte Palestina.

Tidlegare denne veka blei Bundle for Ukraine lansert til støtte for International Medical Corps og Voices of Children i Ukraina, og for 10 dollar (eller meir) får ein ein pakke med 991 spel, musikksamlingar, teikneseriar og andre digitale skaparverk frå over 700 kreative sjeler.

Black Lives Matter-kampanjen samla inn over 8 millionar dollar, og nett no, før dag éin er omme, har Ukraina-aksjonen samla inn over 1 million dollar.

Bortimot 40 av dei 700 kreasjonane er musikkorienterte. I tillegg til ymse lydspor og album i forskjellige sjangrar og bakgrunnsmusikkpakker som set den rette fantasy- eller framtidsstemninga under rolle- og brettspeløkter, finn ein rytmespel, som det norske «Klang 2», der ein dirigerer elektronisk musikk med lasersverd, og i «Resynth» blir elektronisk musikk remiksa via puslespelløysing.

I «Wandersong» er du ein skald som reddar verda ved å synge; i instruksjonsheftet «Build A Bard» finst det metodar for å skape ein skaldrollefigur til bruk i rollespel eller forteljingar.

A Light Long Gone er eit interaktivt singer-songwriter-album der ein kan slå av og på dei forskjellige elementa i songane. Penn-og-papir-spelet «Anatomy of a Song» utforskar kva ein song kan gjere og vere. I «Rebop Blasters» blir vill storbandjazz generert i takt med valdshandlingane til små, kjempande figurar. Figment og Yi and the Thousand Moons er interaktive musikalar, og i rytmespelet «Spooky Waltz» dansar ein vals.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement