Bok
Gamma, gamma, gamma eit liv etter komma
Eg har glede av å feste meg ved eit hovudspor i ein elles litt for omfangsrik roman.
Dorthe Nors er ein internasjonalt kjend dansk forfattar som har fått ei rekkje prisar og utmerkingar.
Foto: Agnete Schlichtkrull
Astrofysikar Gunn Haven er med i eit forskingsprosjekt om gammaglimt. Ho flyttar ut på bygda for å konsentrere seg om arbeidet. Alt her dannar det seg eit spenn – som tittelen varslar – mellom by og land.
Dette spennet skal bli synleg, og det er eigentleg motoren i romanen, ikkje som noko politisk prosjekt, men som ein forfattars undersøking av kva som skjer når verder støyter saman.
Gunn er omgitt av nokre få naboar, det er frisøren Brit og dottera Jenny, det er kubonden Svend, det er den krakilske eigedomsrettsforkjemparen Krista og den gamle mor hennar, martyren Edith. Gjennom Gunns pendling til universitetet i byen blir vi òg kjende med forskingskollegaer, som den ihuga forskaren Niels.
Ein stad i verda sit ein av dei mannlege studentane hennar som har forlate reiret, og landet, men som Gunn kjenner stort ansvar for, og ho engasjerer seg i ungjenta Jenny på bondelandet som ikkje veit kva retning ho skal utdanne seg i, men som har eit skarpt hovud. Vi får vite at Gunn sjølv har vakse opp med far sin, og at der var lite velstand og orden, men desto meir fordjuping i vitskapens under, mellom far og dotter.
Sin plass i spennet
Så langt er det etablert eit oversiktleg persongalleri, med mange trådar å følge, og Dorthe Nors skriv fram ein hovudperson som prøver å finne sin plass i spennet mellom ulike tale- og veremåtar, mellom ulike verdisyn og kunnskapsgrunnlag. Gunn vil gjerne vere ein del av naboskapet, men er ikkje alltid velkomen, kanskje fordi ho startar innflyttinga med å trakke over andre sine eigedomsgrenser.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.