Bok
Gamle songar om igjen
Aage G. Sivertsens bok bringar lite nytt til torgs om oppgjeret etter krigen.
Knut Rød, som hadde vore medlem av NS, tilsett i Statspolitiet og ansvarleg for arrestasjonane av norske jødar som vart deporterte, vart frifunnen i landssvikoppgjeret.
Få hendingar i norsk historie er meir omstridde og debatterte enn det rettslege, sosiale og politiske oppgjeret med det som skjedde under krigen. Eg vart difor spent då eg las forordet i Landssvikerne, der Aage G. Sivertsen påstår at det er mange historier igjen å fortelja, og at me her ville få nokre av dei.
Kunne dette stemma?
Dessverre vart det i løpet av boka klart at det meste Sivertsen tek opp, er saker som har vore oppe til debatt til dels mange gonger før. Ikkje berre det – argumenta Sivertsen kjem med, er i hovudsak dei same som har blitt brukte tidlegare. Her får me mellom anna diskusjonen om det var rett å kriminalisera NS-medlemskap, og debatten om landssvikoppgjeret braut med forbodet mot å gje lover tilbakeverkande kraft. Me får òg diskusjonen om frifinninga av Knut Rød, som denne hausten blir handsama grundigare av Gaute Rønnebu og Dag Steinfeld.
Einsidig og upresis
Boka kunne vore interessant til bruk som eit oversiktsverk over omstridde delar av krigen og oppgjeret. Ingen kan i dag påstå at alt som skjedde, var noko å vera stolt av. Ikkje minst dreier det seg om handsaminga av tyskarjentene, som Sivertsen òg tek opp. Og at store delar av det norske folket bøygde seg meir enn godt var for tyske krav våren og sommaren 1940, var det ikkje mange som likte å tenka tilbake på i ettertid.
Men Sivertsen er for einsidig og upresis til at boka kan tilrådast som ein slik balansert inngangsport til vanskelege sider ved oppgjeret og okkupasjonshistoria. Representantar for «makta» blir nådelaust kritiserte, men motargumenta mot slike skuldingar blir derimot i altfor liten grad drøfta. Til dømes blir Oslo-biskop Eivind Berggrav skulda for å ha oppfordra nordmenn til å legga ned våpena våren 1940. Men det Berggrav påpeika, var at mange nordmenn ikkje visste at dersom sivile greip til våpen utan militære kjenneteikn, kunne dei i tråd med folkeretten summarisk avrettast av tyskarane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.