Bok
Galen, men sprø
Dei krakilske kan òg krakelere. Det er berre litt færre som vil ha dei når dei er limte saman att.
Ragnhild Kolden skriv om Selma, som er klin kokos.
Foto: Tove K. Breistein
Selma aner fred og ingen fare, då Paul plutseleg dukkar opp i bygda att etter mange år. Alt var så bra før han kom, ho gjekk turar i skogen, hadde det ganske greitt med mannen Samuel, og med dottera Jenny, sjølv om Jenny er innlagd på psykiatrisk institusjon. Så kjem slubberten Paul tilbake, rota til alt vondt i fortida, og kva kan ho gjere då, anna enn å setje han på plass.
Kjelda til konfliktar
Så er det berre det at Selma vel ein ekstremvariant av å «setje på plass». Dessutan tar ho feil i det meste: Paul er ikkje naudsynleg skuld i det ho trur; historiene ho har festa lit til, er kanskje ikkje dei sanne. Og ho hadde det ikkje som plomma i egget før Paul kom tilbake. Ho hadde eit svært labert tilhøve til både mann og dotter, og til resten av bygda. Det ser faktisk ikkje ut som om ho er i stand til å ha eit friksjonsfritt forhold til nokon, med mindre dei forsyner henne med noko som gir henne overtak over andre, som for eksempel konfidensiell informasjon frå journalen til dottera.
Ho er i det heile ikkje særleg velutstyrt når det kjem til sjølvinnsikt. Ho hevdar: «Eg vil helst berre ha eit roleg liv, at alt skal vera på det jamne og trygge. Konfliktar og krangel er det verste eg veit.» Men det er gjerne ho som er kjelda til konfliktane. Sannsynlegvis har ho sjølv bidrege til at dottera er psykisk sjuk, men ho ser berre det urimelege i at mødrer ikkje får vitje døtrene sine kva tid dei vil, på denne institusjonen. I hennar auge har «heile verda rotta seg saman» mot henne. Dei einaste som ikkje er med på dette komplottet, er fuglar og plantar, som ho dermed legg sin elsk på.
Tilgje eller forstå
Forfattar Ragnhild Kolden har eit fint og drivande språk, som ikkje trekkjer så mykje merksemd mot seg sjølv, men blir brukt til å skape eit psykologisk portrett av Selma, ei krakelert sjel. Selma har vaskemani, er hard og kantete i tonen, er mistenksam og utfører dei sprøaste handlingar. Ho er klin kokos, men ho har òg tilløp til andre, mjukare sider, som kjem fram når ho har litt medgang og overskot. Vi skjønar òg at ho har fortrengt ting så lenge at ho snart har fortrengt sin eigen hugs, og at det då kan vere vanskeleg å fote seg i verda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.