Film

Fysikk, biologi, men lite kjemi

Av og til held det ikkje berre å vera underhaldande.

Claire Foy som Margaret og Paul Bettany som Ian i miniserien som går på NRK.
Claire Foy som Margaret og Paul Bettany som Ian i miniserien som går på NRK.
Publisert

Då dei to overklasselevemenneska Margaret (Foy) og Ian (Bettany) møtest rett etter krigen, stormar dei inn i livet til kvarandre og ut av det gamle. Ingenting blir mindre stormfullt av at han arvar eit slott og ein hertugtittel.

Fint skal det vera

Ikkje berre har du sjølve den unge The Crown-dronninga Clare Foy i rolla som hertuginna av Argyll, det er noko med heile koloritten og dei snobbete dialektane som automatisk får tankane til den populære serien om den britiske tronarvingen. Me har tilsynelatande ei usløkkjeleg lyst på dramatiseringar om fintfolk frå gamledagar (Downton Abbey, Bridgerton osv. osb. etc.). Når det i tillegg kan baserast lausleg på noko som har skjedd, då er det verkeleg underhaldningspotensial.

Så får du ein skamdyktig regissør som «vår eigen» Anne Sewitsky, og suksessen er på mange måtar i boks. Men så var det altså dei få måtane eg ikkje likar A Very British Scandal på, som kanskje fyrst og fremst går på at eg ikkje heilt kjenner på kjemien mellom hovudpersonane. Eg kan ikkje seia at eg ikkje blir underhalden, men den store entusiasmen min uteblir.

Love og rett

Sidan det frå starten er førespegla eit heftig rettsdrama, kjenner eg at den forventninga ikkje blir heilt innfridd. Her er pikante intrigar og hårreisande bedrag, men sjølve rettssaka vert ei litt kjapp oppsummering mot slutten, noko som verkar hastig. Bodskapen om at kvinner blir straffa for å vera seksuelle vesen, og at overklassen er hyklersk, kjennest gamaldags på eit vis. Ikkje at eg er ueinig, det berre verkar noko uinspirert eller opplagt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement