Bok
Fulltreffar i bomstasjonen
Helene Guåkers roman er ein kraftprestasjon.
Helene Guåker har gjeve ut tre romanar for vaksne og fleire ungdomsbøker sidan debuten i 2010.
Foto: Niklas Lello
I ei bygd i innlandet møtest dei unge Lodve og Sissel. Han er vaktmeister, ho går lærarskulen, dei flyttar saman. Dei lever lukkeleg og ukomplisert, til Sissel ein dag begynner å flakke med blikket. Lodve mistar kjærast og jobb og flyttar til Midtvangen, der han bemannar bomstasjonen som utgjer grensa mot fjellet og hyttegrenda.
Her finst eit sagbruk, det er skogsdrift, og eit par meir eller mindre snakkesalige naboar. Lodve helsar på dei som passerer bomstasjonen, elles har han mest kontakt med hunden som han etter kvart skaffar seg. Vi følger han gjennom nokre tiår.
Djuptloddande univers
Tematisk kretsar romanen om naturvern og kapitalkrefter. Tittelen, Allmenningen, viser til den eldgamle ordninga der somme område skal vere opne for alle, det inkluderer òg flora og fauna. I romanen er Allmenningen eit stadnamn, og staden har ironisk eit styre som eig området med sagbruk og bomstasjon, og som «bestemte åssen det skulle driftes». Det er dei som står for forvaltning og regulering, altså «utvikling». Eg må tenke på eit lesarinnlegg eg ein gong las i Illustrert Vitenskap: «Hvem eier Månen?» Svaret var at Månen var internasjonalt område. Eg hugsar eg tenkte: Hallo?
Lodve lever i ei brytingstid. Han tenker tilbake på den gamle skogsdrifta, der dei felte eitt og eitt tre, framfor dagens maskinelle flatehogst. Der hestane var hestekreftene, der tømmerfløytarane hadde arbeid, i motsetnad til i dag, då «utviklarane» susar gjennom bomstasjonen i suvar og Teslaer for å sjå kva meir skade dei kan gjere på naturen her oppe, med maks forteneste.
Det høyrest plakatpolitisk ut, men det er ingenting plakataktig ved denne romanen. Guåker skapar eit univers som loddar djupt, der alle personane får kjøt på beinet, og der lagnadene deira utgjer heile grobotnen for å reise dei meir politiske spørsmåla. Sjølv labradoren Karon står fram for oss med heile sin personlegdom – det er eit vakkert portrett av ein hund og av samspelet mellom mann og hund.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.