Film

Frysningar med varmefilter

Skrekksoga om denne einsame ulven kan gjera deg skuggeredd på høglys sommardag.

Caleb Landry Jones spelar Martin, som vert massedrapsmann.
Caleb Landry Jones spelar Martin, som vert massedrapsmann.
Publisert

I 1996 førte ei masseskyting på ein turistattraksjon i Tasmania til at strenge våpenlovar vart innførte berre tolv dagar etterpå.

Forstyrrande

Det er noko overhengande forstyrrande berre med konseptet spelefilm om gjerningspersonar, då det ikkje er råd å rista av seg kjensla av kor urettferdig det er at me heller vil høyra om dei skuldige i vondskapen enn dei uskuldige offera. Nitram er i høgste grad ein slik film.

Terror er latin for redsel, og eg blir redd. Premissane for filmen ligg der allereie, likevel er det noko med stemninga, det duse australske kveldslyset, surfarane, og så den altomfattande kjensla av at Martin (Jones) er så utanfor det heile. Skrekkscenarioet at mobbeofferet tek hemn, er gjennomført frå start til slutt. Sjølv om eg veit kva som skal skje, sender oppbygginga frysningar gjennom heile meg, og eg vil helst sjå vekk.

Forstørrande

Martin er usedvanleg vanskeleg å lika, men ikkje vanskeleg å synast synd på. Han har to foreldre som elskar han, og som også prøver å lika han (nydeleg spela av både Judy Davis og Anthony LaPaglia), men under den klønete framtoningen hans ligg ein mangel på empati som skremmer.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement