Frykt og glede
Kristian Bergquist skriv enkelt og direkte og ofte godt.
Kristian Bergquist debuterte med ei diktsamling i 2017.
Foto: Flamme Forlag
Frå dei tidlegare diktbøkene hans veit ein at Kristian Bergquist kan skrive om sosial angst og sjeleleg mørke, men ofte med ein tilforlateleg språkleg og ein humoristisk vri som lyftar diktet inn i noko anna, i håpet. Den sjuande diktboka til Bergquist, som er på over to hundre sider, gir framleis lesaren blikk inn i eit sårbart univers med diktremser som surrar i det nære, fangar brokkar av syn, samtalar, setningar og filmsekvensar som poeten eltar om i ei poetiske betraktning, i eit brått kast av oppløftande innsikt.
Innsikta treng ikkje vere av den revolusjonerande typen. Eit Bergquist-dikt kan i all si enkelheit gå slik: «det virker/ så populært/ å være/ seg selv/ men jeg/ kan fint/ tenke/ meg/ å være/ en annen»
Livet
Bergquist skriv om livet og kor vanskeleg det kan vere å leve det, om korleis finne balansen mellom å vere i lag meg seg sjølv og med andre, og om rolla som poet. Ein stad skriv han at han som poet godt kan ta større plass, og samanliknar det med å ikle seg ein sjølvlysande vest, ein slik som niesa hans har på seg i barnehagen.
Sjølvsagt kan ein lese diktboka Jeg klarer det ikke alene som ein bundel einskilddikt, men når ein les dikta under eitt, ser ein også konturane av noko anna: Det skjer for det første ei utvikling, frå det tilbaketrekte og mørke til noko opnare og lysare. For det andre evnar dikta å etablerer ei maske, som godt kan vere personen Kristian Bergquist slik tekstane insisterer på, men hovudpoenget er at lesaren finn maska interessant og gjerne høyrer på henne, sjølv når enkeldiktet ikkje tek heilt av.
Lukka
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.